• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sølvdenar

KEISARENS MYNT PÅ RAKNES

Korleis kan det ha seg at ein sølvdenar, slegen i Romarriket under keisar Antonius Pius, ein gong mellom år 136 og 161, hamna i jorda på Osterøy? For nett ein slik mynt var det som vart oppgraven i 1909, 70 alen søraust for løa på bruk nr. 3 på Raknes. Vi veit ikkje om han kjem frå ei grav, men det vart oppdaga kol og trerestar på staden, fortalde finnaren som leverte mynten inn til Universitetsmuseet i Bergen.

Sølvdenarar frå keisartida er sjeldsynte funn i vårt land. Vi kjenner berre 6 stykke, og dette er den einaste i Hordaland. Den romerske sogeskrivaren Tacitus, som døydde kring år 120, fortel at romarane gav gåver til germanarhovdingar for å halda seg på venskapleg fot med dei. Han fortel vidare at germanane likte sølvmyntar betre enn gullmyntar. No tykkjest funna syna at dei etter kvart må ha kome på andre tankar, for på 300-talet dominerer gullmyntane i funn frå germansk område. Det er langt frå Roma til Osterøy. Vår sølvdenar må ha gått gjennom mange hender, både til romerske embetsmenn og germanske hovdingar, før han enda vandringa si på Raknes. Mynten er i røynda noko mindre enn eit kronestykke.