• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Strandlinjehylla langs storavatnet

STRANDLINJEHYLLA LANGS STORAVATNET

Reguleringa av Storavatnet har openberra eit sjeldsynt geologisk fenomen: Når Herlandsfossen kraftverk tappar ned magasinet utover våren og sommaren, kjem ei gammal strandlinjehylle i fast fjell til syne.

Frå rasteplassen i Selvik, ved nordenden av Vestrevatnet, ser ein hylla nedanfor hyttene langs stranda. Hylla, som hallar svakt utover mot vatnet, er 6–8 meter på det breiaste. På eit nes knapt to kilometer frå rasteplassen er det små grotter i fjellhylla. Grottene går både langsmed og på tvers av retninga på hylla.

Hylla er meisla inn i fjellgrunn som høyrer til Store Bergensboge, med bergartar som lett smuldrar opp: amfibolitt, som er ein omdanna lavabergart, og kalkrik glimmerskifer. Frostforvitring i strandsona gjennom 5000–6000 år har danna fjellhylla. Prosessen gjekk føre seg like til vatnet vart regulert i 1920.

Bergoverflata under dei flate myrane i naturreservatet Herlandsnesjane kan ha vorte danna på same måten som hylla langs Storavatnet. Men sidan denne bergflata ligg 8–10 meter høgare enn Storavatnet, må både vassnivået og utløpet ha vore høgare då denne flata vart til. Det går lang tid før ei så stor flate er danna – nedbrytinga og utjamninga på grunn av frostforvitring må ha skjedd i lange periodar i kvartærtida då innlandsisen ikkje dekte Osterøy.

  • Aarseth, I.; Fossen, H. 2001. Strandlinjeproduksjon på Osterøy. Årbok for Bergen Museum: 42–46.
  • Aarseth, I.; Fossen, H. (under arbeid). A Holocene lacustrine rock platform around Storavatnet, Osterøy, western Norway. The Holocene.