• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ole Bulls villa, Valestrand

OLE BULL OG FOLKEMUSIKKEN

Ole Bornemann Bull var frå barndommen av sterkt knytt til familieeigedomen på Valestrand; ein gammal futegard frå 1600-talet. Her var familien årvisst om sommaren, og her fekk Ole næring for musikkinteressa si. Han kom i kontakt med den rike folkemusikktradisjonen på Osterøy, og på gardane i grannelaget kunne han høyra spelemenn spela i bryllaup eller andre lag. Han fekk mange vener mellom spelemennene og etterlikna deira hardingfeletonar på sin eigen fiolin. Ein av dei, Ola Brakvatn (1798-1885), fekk seinare ei hardingfele av Ole Bull, då han var vorten ein vidgjeten fiolinist. Ole Bull la mykje arbeid og omtanke ned i slektsgarden. Frå 1850 til 1870-åra var han på Valestrand kvar sommar. Ny hovudbygning vart ferdig i 1869, med ein vakker kastanjeallé.

  • Ole Bull i Valestrand

Ole Bull (nr. to frå høgre) på trappa framfor huset på Valestrand (Knud Knutsen)

  • Bjørndal, A. (1950) Ole Bull og Valestrand. I: Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 11-54.