• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Karlagarveriet», Valestrand

«Karlagarveriet», bygt kring 1910, er i dag teke vare på som museum. Bilete kring 1990 (Helge Sunde).

Valestrand vart eit sentrum for garvarverksemda i Osterøy; eitt av dei handverka som har utvikla seg til ein lokal industri med mange arbeidsplassar. Frå 1870-åra vart stadig fleire verksemder skipa. Mange av dei større sjøhusa vi i dag ser kring vågen, har gjeve rom for garving og skinnverksemder.

Det var opphevinga av handverkslova i 1839 som førte til at garvarverksemdene i Nordhordland skaut fart. I bygder med behov for attåtnæringar var tiltakslysta stor. Mange gardsgarveri dreiv enkelt med garvekjerald i kjellaren eller utandørs. Men det kravde gode kunnskapar å garva lêret slik at det vart god handelsvare, og denne kunnskapen gjekk i arv i visse slekter. Den første garvaren vi veit om i Nordhordland, er Nils Torson Skåldal frå Haus, som byrja garveridrift på Breistein i 1804, kombinert med skomakarverkstad. Sonesonen, Nils Torson, flytta til Alversund i 1860 og byrja eit garveri i Kråkevik. Mange bønder frå Sogn, Sunnfjord og Nordfjord leverte huder og henta lêr i Kråkevik. Etterkvart vart det fleire garveri i Alversund og Meland enn nokon annan stad i amtet.

Men den største garveribygda var Valestrand. Hosanger var også tidleg ute, og i 1875 fanst det 11 garveri i bygda. To brør frå Hosanger, Lars og Johannes Røsland kom til Valestrand i 1833 og byrja garveridrift på Reigstad. Johannes drog til Isdal i Lindås i 1848 og byrja med garveriverksemd der. Eit anna garveridynasti i Valestrand var Rundhovde. Nils Rundhovde byrja med barkekar heime på garden i 1835. Slik ser vi at denne handverksindustrien breidde seg og vart ei sikker inntektskjelde gjennom fleire generasjonar.

Dei gamle garveribygningane låg gjerne ved ein bekk eller ei elv, slik at ein kunne leia vatn inn i barkekara. Ovanpå var det eit luftig loft der lêret vart tørka. I 1879 sette Nils T. Reigstad opp eit stort garveri ved sjøen på Valestrand, det største på staden. Heilt fram til i 1970-åra var garvarverksemdene viktige arbeidsplassar. "Karlagarveriet" i Jofjøra på austsida av vågen vart bygt av Karl Reigstad kring 1910. Her produserte dei særleg feittlêr, som vart brukt i skoproduksjonen. Bygningen er i dag overdregen til Osterøy museum.