• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ungdomshuset i Valestrand

VALESTRAND - EIT KLASSISK UNGDOMSHUS

Like opp frå ferjekaien, ovanfor Valestrand sentrum, kneiser eit ungdomshus i klassisk stil. Det er Johan Lindstrøm som er arkitekten bak dette bygget; klassisk i meir enn ein forstand. Huset høyrer til i den store norskdomstradisjonen frå byrjinga av 1900-talet, eit tidstypisk bygg for ein periode med vaknande kulturelt sjølvstende på bygdene. Samstundes er dette eit godt eksempel på bruken av eit klassiserande arkitektonisk formspråk for å gje huset den rette status og symbolverdi. Ungdomshuset på Valestrand vart bygt i 1920-åra; ein av mange «norskdomsbastionar» i bygdene, og er fortsett i bruk som ungdomshus, under namnet Kongshall.