• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nesheimvatnet

Nesheimvatnet er ikkje så mykje eit vatn, men meir ei utviding av Ekso – med fleire avsnørte vikar og loner. Våtmarksvegetasjonen er dominert av storr, belte med elvesnelle og høgvakse vierkratt. Grønvieren er flott å sjå til når han blir fire til fem meter høg. Eit par av sumpplantene som veks i området, er ikkje vanlege elles i fylket, slike som sennegras og veikveronika.

Fuglelivet er rikt: Grasender som stokkand og krikkand ser du gjerne symjande med stussen i vêret på leit etter mat på botnen, medan dukkendene dukkar etter smådyr der det er litt djupare. Også den meir uvanlege brunnakken hekkar i området, den ser du oftare på land. Under trekket stoggar små grågåsflokkar her, stundom òg nokre laksender. Av hekkande vadefuglar finst mellom anna enkeltbekkasin, raudstilk og strandsnipe.

Artsutvalet må vi sjå på bakgrunn av at staden ligg 414 moh., og at vasstemperaturen er relativt låg. Eksingedalen ligg òg langt frå hovudtrekkleia for dei fleste fuglane som passerer Hordaland. Men nettopp fordi det ikkje finst tilsvarande våtmarker i regionen, tener staden som rasteplass for fuglar under trekket. Dei som stoggar her, kjem gjerne ned frå fjellområda rundt og nyttar høvet til å feita seg litt opp før den krevjande ferda vidare, eller dei stoggar på veg heim, i påvente av at snø og is skal sleppa tak i fjella.