• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kårstad, Veafjorden

Kårstad, Veafjorden, eit autentisk beitelandskap (Svein Nord).

Stamnes ligg mellom to nes; gamle lendingsplassar for folk som kom nordanfrå og vestanfrå. Her var det tidlegare fleire gravhaugar, to av dei låg der kyrkja no ligg. Stein frå gravhaugane ligg enno i steingarden kring kyrkja. På desse gravhaugane voks det store eiker, Håreikjæ og Kolleikjæ. Dei vart rekna for gamle offerstader, og den første stavkyrkja på Stamnes vart reist her. Seinare vart ei ny kyrkje reist i 1861.

Kulturlandskapet har endra seg; tettstaden har vakse fram ved fjorden, sandtaka har gjort innhogg i bakkane. Kring veglause gardar ved Veafjorden ligg det også velhaldne kulturlandskap, som på Kårstad, Vedå og Bukkastein.

  • Brostein i Bergen frå Stamnes.

Fleire stader nær Stamnes, på sørsida av sundet, finst framleis sår i terrenget etter uttak av gneis til brusteinsproduksjon. Store mengder vart leverte til Bergen i perioden 1871–1914. Gode døme på bruk i bergensgatene er Nedre Korskirkeallmenningen og Marken ved Lepramuseet. Ved Stamnes var det nærleiken til fjorden og tilgang til båttransport som gjorde brusteinsindustrien mogleg. Steinproduksjonen tok slutt då rimelegare stein frå Østfold kom på marknaden.