• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vaksdal mølle

Vaksdal mølle (K. Knudsen & Co. KK pk 503, Bs. UBB.)

Etter industrialismen sitt gjennombrot i siste halvdel av 1800-talet, investerte fleire av dei kapitalsterke herrane i Bergen i mølleanlegg. Vaksdal Mølle, etablert av Gerdt Meyer i 1870-åra, var i mange år den største mølla i Skandinavia med unike tekniske innretningar. Kring mølla utvikla Vaksdal seg til ein tettstad, med arbeidar- og funksjonærbustader, ny kyrkje og alt som høyrde til. Vaksdal Mølle er eit fascinerande industrianlegg med bygninger av eldre og nyare dato.

  • Kornsiloen, Vaksdal Mølle

Kornsiloen ved Vaksdal Mølle til høgre i biletet, eit av funksjonalismens meisterverk, teikna av Bergensarkitekten Leif Grung i byrjinga av 1930-åra.