• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Veafjorden

Veafjorden, ein fjord med nord-sørretning, skapt langs ei markert sprekkesone i fjellet. Dette er ein av dei få stadene kobben tidlegare ofte viste seg i Hordaland. (Helge Sunde)

KJEM STEINKOBBEN ATTENDE?

For nokre tiår sidan var Veafjorden og straumane inn mot dei større elvane den sikraste staden å sjå steinkobbe i Hordaland. Sommarstid låg små flokkar på stranda og venta på innsiget av laks. Stundom følgde dei òg fisken litt oppover elva.

Etter mange år på rad med svært liten oppgang av laks har kobben vorte borte frå Veafjorden. For tida er det mest eit særsyn å sjå sel langt inne i desse fjordarmane, og det er ikkje særleg vanleg lenger ute på kysten heller. Bestanden er langt lågare i Hordaland enn i nabofylka. I Sunnfjord til dømes er arten vanleg, og også langt inne i Nærøyfjorden finst ei stabil stamme.

Kystfiskarane er nok glade for at bestanden er låg. Selen oppsøkjer gjerne garnbruk i sjøen på jakt etter lettfanga fisk, og han er dessutan hovudvert for parasitten kveis. Der det er mykje sel, vil det òg kunne vera kveis i fisken. Kveisen er ikkje farleg, men nokon stor appetittvekkjar er han heller ikkje; fisk som er infisert av parasitten, er ikkje salsvare.

Langt attende i tid hadde steinkobben kasteplassar inne i Vaksdalsfjordane. Kanskje var det slik også på 1970-talet, då det sist vart sett flokkar med sel ved Eidslandet og Straume. Dersom laksebestandane tek seg opp att, er det ikkje utenkjeleg at selen vil følgja etter. Jamvel om selen er glad i laks og annan edel fisk, er han ikkje eit trugsmål mot bestandane. Svikten i laksebestanden har heilt andre årsaker. Steinkobben er vår mest stadbundne selart. Når han innimellom legg ut på vandring, skjer det fordi næringsgrunnlaget har svikta, ikkje som følgje av at han sjølv har tømt matfatet.

  • O-skjel

O-skjel

I 1890-åra hadde 600–700 mann ei god attåtnæring om vinteren med sanking av o-skjel i fjordane kring Osterøy.O-skjelet ser ut som eit stort blåskjel og veks om lag på 10 meters djup i område med god straum.

 

Fangstreiskapen varierte med kor djupt skjela levde – det vart nytta spesiallaga stikker, klyper og plog. Dei brukte ein sjøkikkert i vassoverflata og fekk tak i skjela med dei lange reiskapane. Innmaten vart salta i tønner. Med ein omsetnad på 10 000–20 000 tønner i sesongen gav fangsten gode ekstrainntekter. Skjela vart selde som agn, særleg til lofotfisket. Ein dreiv rovdrift på o-skjela, og dei var nesten utrydda ein periode.