• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bergesfjellet

Bergesfjellet, ei naturens «attergløyme» med eit opphav ikkje ulikt sjølvaste Hårteigen på Hardangervidda. (Svein Nord)

Både av utsjånad og opphav liknar Bergesfjellet Hårteigen på Hardangervidda, sjølv om Hårteigen er litt større.

Ved Berge har naturen gløymt att eit stykke av gabbroen som ein gong dekte heile dette området. Gabbroen høyrde ein gong til det gamle havbotnfjellet som Bømlo er bygd opp på. Under fjellkjedefaldinga vart gabbroen skuva over ein yngre kalkstein og fyllitt.

Sommaren 1882 fann pionergeologen Hans Reusch fossil i kalksteinen, mellom anna av dei skjelliknande brakiopodane som levde i eit grunt hav for nærare 450 millionar år sidan. Det er utruleg at desse fossila er bevarte, ettersom kalksteinen vart utsett for stort trykk då gabbroen sklei over. Sidan gabbroen vart skuva over kalksteinen etter at fossila vart avsette, må rørslene ha skjedd seinare enn for 450 millionar år sidan.

  • Teikning av Bergesfjellet frå aust av Hans Reusch.

Teikning av Bergesfjellet frå aust av Hans Reusch. Like over foten av fjellet går det eit markert skilje mellom kalkstein og fyllitt (under) og hard og massiv gabbro (over). Det er den harde gabbroen som har stått imot erosjonen og dannar fjellet.

  • Brekke, H. 1983. The Caledonian geological patterns of Moster and Southern Bømlo: evidence for Lower Palaeozoic magmatic arc development. Cand. real. avhandl. UiB 1983. 
  • Reusch, H. 1888. Bömmelöen og Karmöen med omgivelser. Geologiska Föreningen i Stockholm Förhandlingar 10:392–396.