• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Strandvollen ved Hallaråker. Siggjo i bakgrunnen.

Strandvollen ved Hallaråker. Siggjo i bakgrunnen (John-Inge Svendsen).
 

STRANDVOLLEN VED HALLARÅKER - SØNSTABØ

Den einaste større strandvollen frå slutten av istida i Hordaland finst på vestsida av Bømlo. Ein strandvoll er ein lang voll av rullesteinar, laga av bølgjer som bryt mot land der det er lausmassar i strandkanten. Korleis strandvollar blir danna i dag, kan ein mellom anna sjå på Herdla.

Den nye vegen mellom Hallaråker og Sønstabø kryssa den fleire hundre meter lange usamanhengande strandvollen som ligg om lag 35 meter over havet. Dette markerer det høgaste havnivået på vestsida av Bømlo etter istida for 12 000 år sidan. Då sjøen nådde heilt inn hit, grov bølgjene i lausmassane og fekk steinane til å rulla att og fram, slik at kantane vart avrunda. Dei største bølgjene kasta steinane inn på land eit par meter høgare enn flodmålet.

  • Bømlo for 12000 år sidan

Rekonstruksjon av Bømlolandskapet på slutten av siste istida for 12000 år sidan då strandvollen i Hallaråker-Sønstabø området vart danna. Havet stod 35 meter høgare enn i dag.