• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

 Rekonstruksjonsskisse av steinbryting på Hespriholmen for 6 000 år sidan (akvarell: Else Lauvanger, 1993).

Rekonstruksjonsskisse av steinbryting på Hespriholmen for 6 000 år sidan (akvarell: Else Lauvanger, 1993).

NOREGS ELDSTE STEINBROT
Bømlo må ha vore eit eldorado for handverkarar i steinalderen. På Hespriholmen fanst førsteklasses grønstein til øksar og tyngre eggreiskap. På toppen av Siggjo fanst rhyolitt, som var veleigna til knivar, pilespissar og andre småreiskap. Hoggeplassar og buplassar frå steinalderen ligg tettare på Bømlo enn nokon annan stad på Vestlandet. «Sogelandet» kalla arkeologen Haakon Shetelig Bømlo. «Hele landsdelen virker som en fortelling om fedrelandets historie.»

Året 1887 sende Johan Larsen Vespestad inn ei grønsteinsøks til Bergens Museum. I dei næraste åra kom det for dagen stadig nye funn av grønsteinsøksar og emne, og den unge konservator Haakon Shetelig fekk si første store arkeologiske granskingsoppgåve på Vestlandet. Etter mange års utgravingar i Sokkamyra oppdaga ein endeleg steinbrotet på Hespriholmen i 1923, ein times rotur vest av Espevær. Her var det materialane til den omfattande grønsteinsindustrien viste seg å vera henta frå. Spor etter ein storstilt økseproduksjon fortel om ein lokal næringsveg i steinalderen, og spreiingsområdet for grønsteinsøksane frå Bømlo fortel kanskje om eit tidleg handels- og maktsentrum.