• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mosterhamn

Mosterhamn er truleg den eldste handelsstaden mellom Bergen og Stavanger. (Svein Nord).

Mosterhamn er ein av dei gamle, privilegerte handelsstadene som har lege sentralt i leia, anten skutene segla Langenuen, Nyleia gjennom Fitjar eller inn Hardangerfjorden. Frå forhistorisk tid var Bømlo og Moster den første landkjenninga når ein kom inn frå vest; eit landskap med gode hamner.

Mosterhamn har i uminnelege tider vore skipshamn. Etter tradisjonen skal dette vera den eldste handelsstaden mellom Stavanger og Bergen. I 1582 la kongen ned forbod mot å selja tømmer til framande nordanfor Mosterhamn. Tømmeret skulle gå til å byggja opp Bergen etter brannen i 1561. I Mosterhamn var det også gjestgjevarstad. I 1747 vart denne lagd til Spissøy, aust for Mosterhamn, men i 1797 vart han flytta attende. Den lune vågen i Mosterhamn var for liten for store skuter, så desse ankra ofte opp ved Spissøy, og sjøfolka rodde inn til Mosterhamn om kveldane. Av den gamle handelsstaden står i dag ein halvvalma hovudbygning og eit sjøhus. Inst i vågen låg det ein tollstasjon under Bergen tolldistrikt. Han vart bygd ut i 1859 og overtok etter den nedlagde tollstasjonen på Eldøy ved Stord. Tollstasjonen i Mosterhamn vart nedlagd i 1900.

  • Mosterhamn, Bømlo i 1924

Mosterhamn i 1924

Mosterhamn i 1924 (Sev. Kannelønning, eigar Sunnhordland Museum (SF-SK 1384)).

  • Endresen, H.G. (1950) Gjestgiverier i ytre led: Spissøy. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 29-35.