• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bergesvatnet med Skogafjellet til venstre.

FURUSKOGEN I VEST

Du må til Skottland for å finna liknande furuskog som den på Bømlo. Nærleiken til havet er på ulik vis med på å forma ein av dei vestlegaste furuskogane i Noreg.

Austsida av vegstrekninga mellom Kuleseid og Langevåg er eit stort, nesten samanhengande område med furuskog i eit terreng som spenner frå vindutsette høgdedrag til lune, små dalar. Skogen står spreidd og er vanskeleg å koma fram til med skogsvegar. Derfor er han lite påverka av moderne skogbruk. Namnet Sagvatnet tyder på tømmerdrift i eldre tid. Mykje talar for at skogen kan ha vore uthogd for vel hundre år sidan.

Den gamle kjerrevegen frå garden ved Berge går gjennom gamle enger i eit idyllisk kulturlandskap, som no er i ferd med å gro til med hassel og einer. Frå det opne kulturlandskapet fører ein godt opparbeidd stig inn i furuskogen langs Bergesvatnet. På den næringsrike jorda er trea grovvaksne, med høge, rette stammer. Kristtorn er vanleg, og bergflette klatrar både i trestammer og bergvegger. Desse vintergrøne artane trivst godt i eit klima med lite frost. Nokre vintergrøne bregnar er òg å finna, til dømes den vanlege bjønnkammen og meir sjeldne artar, som falkbregne og blankburkne.

Mellom Bergesvatnet og Tjongspollen ligg Skogafjellet. Etter namnet å dømma kan det ha vore meir skog her enn elles i distriktet. På toppen av fjellet er furuskogen heilt annleis enn nede ved Bergesvatnet. Trea er forma av sterke påkjenningar frå vêr og vind. Dei har ofte korte stammer og lange greiner, som gir ein vid og heller flat kronefasong. Her er stor lokal variasjon på trea som står på kollar, samanlikna med dei som står nede i dalsøkk. Når terrenget blir høgare, blir trea lågare. Slik kjem trekronene gjerne i nokolunde same høgd. I dette samanhengande, flate kronedekket får ikkje vinden skikkeleg tak. Furuskogen står dermed godt rusta både mot kuling og storm. Rotvelter etter kraftig vind er sjeldne å sjå.

På toppen av Skogafjellet får ikkje jorda tilført forvitringsmateriale, og det samlar seg opp mykje humus, som forsurar jorda. Det er lyngen som dominerer på bakken. Særleg på tørre stader er det mykje purpurlyng, ein art som er vanlegare i lynghei enn i skog. Berre i dei mest havnære furuskogane er det mykje purpurlyng i skogvegetasjonen.

  • Purpurlyng mellom furustammer.

Purpurlyng mellom furustammer, eit særsyn i vestlandsskogen. (Jan Rabben)

  • Brekke, H.; Amaliksen, K. G.; Færseth, R. B.; Jorde, K.; Naterstad, J.; Nilsen, E.; Nordås, J.; Ragnhildstveit,J.; Ree, R. 1993. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bømlo – M 1:50.000, svart/kvitt. Norges geologiske undersøkelse.
  • Fremstad, E.; Moen A. 2001. Truete vegetasjonstyper i Norge. Norges teknisk-naturvit. univ. Vitenskapsmus. Rapport botanisk serie 2001–4.
  • Moe, B. 2001. Inventering av verneverdig barskog i Hordaland. Fylkesmannen i Hordaland. MVA-rapport 2.