• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mot Støle og Sørheim, 1920.

Mot Støle og Sørheim, 1920. Fronten av terrassen til venstre på biletet vart fjerna i sanduttak i 1970-åra. Garden Kambe i framgrunnen med særprega kammar og smådalar. (Etne Kommune)

GRUSTERRASSANE I ETNE

Mykje av sanden og grusen som Etnebygda er tufta på, stammar frå slutten av istida og tida etter og vitnar om smeltande isbrear og buldrande smeltevasselvar. Lausmassane med dei store terrassane set sitt umiskjennelege preg på det breie dalføret.

Då Etneområdet vart isfritt mot slutten av istida, stod havet om lag 70 meter høgare enn i dag ettersom isen hadde trykt landet ned. Like nedanfor Håfoss, i blåleira på den tidlegare sjøbotnen, er det funne skjel (butt sandskjel) som levde for om lag 14 000 år sidan.

Stordalen var truleg isfri ei stund før breen kom fram att til Håfoss. Under framrykkinga frakta smeltevasselvane med seg store mengder sand og grus ut i fjorden. Skrålaga og topplaga som då vart avsette, og som vi no kan sjå i grustaka ved Nordelva, fylte fjorden heilt opp til havflata i eit stort delta framfor breen for om lag 13 500 år sidan. På denne tida hadde havet stige endå nokre meter til det stod 80 meter høgare enn i dag.

Vel 1000 år seinare, under kuldeperioden yngre dryas, rykte breen fram både i Stordalen og Litledalen, og breidde seg ut over delar av deltaet, utan at deltasedimenta vart skuva vekk. Bretungene frå Stordalen og Litledalen nådde så vidt i kvarandre for om lag 12 300 år sidan og avsette endemorenar i to bogar frå Austreim til Steine.

Mot slutten av yngre dryas gjorde dalbreane ei siste krampetrekning. Sidemorenar frå denne isframstøyten kjem særleg til syne i landskapet nord for Etne jordbrukskule på Tesdal.

Så vart klimaet mildare att for om lag 11500 år sidan, og breane byrja å smelta. I ein kort periode vart det danna små innsjøar mellom breane og deltaflata. I dei vart det avsett finkorna, lagdelte bre-sjøsediment, som vi no finn att som tynne lag med vekslande silt og sand i Lonsdalen, mellom Håfoss og Austreim.

Då breane forsvann og tyngda av isen vart borte, lyfta landet seg. Elvane skar seg ned gjennom dei store terrassane og frakta sedimenta til stadig lågare deltaflater ut i fjorden.

Til slutt vart den noverande store elvesletta danna av den svingande elva som stadig grov seg nytt leie og la att sand og grus på vegen mot sjøen.

  • Frå Kambe. Døme på landskap med kammar mellom smådalar der det no veks skog.

Kvasse «Kambar» frå istida

Stadnamn kjenneteiknar ofte naturtilhøva. Kambe, 500 meter nordvest for Støle kyrkje, fortel om eit landskap med kvasse kammar (av gno. kambr kam) mellom djupe V-forma smådalar, eller ravinar. Dette særeigne landskapet er danna i leire og silt som vart avsett på havbotnen framfor deltaet på Austreim–Støle, ved slutten av istida for om lag 13 000 år sidan.

 

Då landet steig, vart sjølve deltaflata til ein stor terrasse med sand og grus. Leire og silt avsett på djupare vatn vart etter kvart òg tørrlagt. Det meste av landhevinga vart unnagjord dei første 2000 åra, i byrjinga steig landet om lag 5–10 centimeter kvart år. Det tek gjerne litt tid før det dannar seg jordsmonn i leirjord. Silt- og leirområda nedanfor Støle vart derfor liggjande utan vernande plantedekke ei tid. På terrassen sokk regnvatnet ned i undergrunnen, medan vatnet samla seg i bekker på leirjorda og grov ut ravinane med kammar mellom.

 

Slikt terreng er vanleg på dei store leirområda på Austlandet og i Trøndelag. Der er det òg groper etter store leirskred. På Vestlandet har det vore få leirskred. Ravinar, derimot, finn vi fleire stader i Hordaland (mellom anna i Os), men dei er best utvikla i Etne.

Etnebygda under isavsmeltinga for 13 500 år sidan.

Etnebygda under isavsmeltinga for 13 500 år sidan. 

Etnebygda under isavsmeltinga for 12 300 år sidan.

Etnebygda under isavsmeltinga for 12 300 år sidan. 

Etnebygda i dag.

Etnebygda i dag. 

  • Anundsen, K. 1972. Glacial chronology in Parts of Southwestern Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 280:1–24.
  • Hunnes, O.; Anundsen, K.1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland:85–86. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.