• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Etne og Etnedeltaet kring 1900

Etne og Etnedeltaet kring 1900, då deltaet hadde eit mykje meir naturleg preg enn i dag. (Etne Kommune)

FRÅ PRAKTBIOTOP TIL INDUSTRIOMRÅDE

I siste halvdel av 1900-talet forsvann dei store naturlege elveøyrane på Vestlandet. Fram til 1980-åra fanst det ein liten, men viktig rest av det opphavlege deltaet til Etneelva, men i dag er også det meste av dette området industriareal.

Der større elvar møter havet og byggjer opp øyrar, oppstår det alltid eit rikt biologisk miljø. Elvane fører heile tida med seg mykje næringsstoff og sediment. Ved utløpet ventar mange ulike former for liv på å gjera seg nytte av dette. Dyra og plantene som trivst her, er tilpassa eit miljø der saltinnhald, temperatur, tidvasstand og vassføring i elva skiftar heile tida.

Denne brytingssona, som på fagspråket blir kalla estuar, byr på store utfordringar i høve til både årstider og tidvatn. Heile tida bukkar mykje liv under fordi dei ikkje kan følgja med skiftingane. Dette blir til næring for andre. Naturen svarar med auka produksjon, slik at talet på småfisk, muslingar og anna småkryp blir særskilt stort. Dette skaper i sin tur livsgrunnlag for høgareståande dyreslag, og mest alle estuar har uvanleg rikt fugleliv.

Men elveøyrane, som både er flate og næringsrike, høver òg for dyrking. Såleis kom dei til å bli mellom dei første teigane som vart oppdyrka. Seinare var det gjerne her tettstadene voks fram. Med dette følgde flaumsikring og forbygging av elva, masseuttak og ofte bruksendring til nærings- og industriføremål,då anleggskostnadene i slike område gjerne er låge.

Slik gjekk det på Bolstadøyri, der Vosso renn ut. Slik gjekk det òg i Eidfjord, Odda og Eikelandsosen, og likeins ved dei store elveøyrane i Sogn og Fjordane. Same lagnaden fekk deltaet til Etneelva. Men delar av denne elveøyra er framleis biologisk rik. På nordsida av Etneosen er det eit lite, urørt område som er viktig for rastande vadefuglar under trekket, og for overvintrande ender, måsar og gråhegrar som finn mat i den isfrie elveosen.

  • Frå istidsdelta til terrasse

Eit delta blir til

Dei gamle grekarane kalla området der elvar når innsjø eller hav, delta etter forma på bokstaven Δ (delta). Møtestaden dannar ofte eit trekanta område med avsetjing av mykje sediment. I osen minkar straumen, elva misser transportevna og legg frå seg sedimenta i form av eit delta ut i fjorden.

 

Dei finaste partiklane (leir og silt) held seg lengst svevande og fell sakte til botnen langt ute. Nærare land, innanfor botnlaga, rullar og hoppar sand og gruskorn langs elvebotnen til dei når deltaskråninga og blir avsette som skrålag. Dei største partiklane som elva fraktar med seg, legg ho att som flate topplag i grus- og steinbankar ytst i deltaet, der elva gjerne forgreinar seg. Når deltaet byggjer seg ut i fjorden, vil laga etter kvart koma oppå kvarandre, med botnlaga nedst, så skrålaga og øvst topplaga. Seinare heving av landet, slik vi har hatt i Noreg etter den siste istida, kan resultera i at vi no ser gamle deltaavsetjingar på tørt land med botn-, skrå- og topplag.

  • Tørrlagt delta i terrassen på Austreim

Tørrlagt delta i terrassen på Austreim, tre kilometer aust for Etne sentrum. For om lag 12 000 år sidan vart deltaet avsett i fjorden, men landhevinga har lyfta det 70–80 meter over havet. I det store grustaket kan vi studera lagdelinga i eit slikt delta med horisontale topplag over skrålaga. I nærleiken, nede ved elva, kan vi òg finna dei gamle botnlaga. (Inge Aarseth)