• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kontrasten til den fattige fjellheia omkring kan vera stor.

Nedanfor utløpet av Flotevatnet renn elva gjennom eit trongt skar. Fyllitten i dei bratte sidene gir gode næringsforhold for plantene. Ei rekkje fjellplanter er kjende herifrå, særleg mellom 500 og 600 moh. Det finst rikeleg med reinrose og urter som gir farge til fjellsida. Vi finn liknande spreidde område andre stader i Etnefjella òg. Det er typisk at slike førekomstar er små og knytte til bratte, vanskeleg tilgjengelege bergskorer og skrentar. Her kan fjellplantene lettare stå i fred for beitedyr, og dei blir heller ikkje utkonkurrerte av graset og lyngen på beitemarkene omkring. Fleire av fjellplantene i Floteskaret er sjeldne i Sunnhordlandsfjella, men meir vanlege lenger aust i fylket.

  • Rukkevier.

Rukkevier. (Jan Rabben)