• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjerde kyrkje i Etne

Gjerde kyrkje er nemnd første gong i 1288. I rekneskapen kan vi sjå at dette var ei stavkyrkje, med svalgangar kring og eit tårn mot vest. Denne stavkyrkja vart øydelagd av ein stor storm i 1673. Då vart det sett opp ei tømmerkyrkje, flytta frå "Lille Sandvigen". Kyrkja vart bygd av bygningsmennene Ole Bysheim frå Osterøy og Ole Nedre Eikanger frå Lindås, «paa det samme Stæd som den nedbleste Gierde Kirche tilforn stod».

Det vart bygt til eit nytt tårn i 1930, med prestesakristi og dåpssakristi. Då vart også dei vakre veggmåleria i koret og skipet avdekte, og altertavla og preikestolen vart restaurerte. Altertavla er ei katekismustavle frå 1500-åra, måla i 1738 av Johan Wingaard. Preikestolen er frå 1600-talet, med bilete av dei fire evangelistane. Korveggene er dekorerte med Moses og Aron og andre bibelske personar plasserte i arkadebogar, medan arkadane i skipet er omspunne av rankar og blomemotiv.

To mellomalderklokker heng i tårnet. Den eine klokka har ei lang innskrift, dels på latin og dels på gammalnorsk. I B.E. Bendixens omsetting lyder denne innskrifta: «På metallernes vis, i det jeg priser herrens (de himmelske makters) Gud, løfter jeg min røst for at almuen skal gå til koret (til messen) og til alt godt. Jacob gjorde meg år 1315. Erling prest lot gjøre meg.» Den andre klokka har innstøypt ei rekkje pilgrimsmerke, m.a. eit Birgittamerke frå Vadstena kloster, fire Olavsmerke frå Trondheim og eit merke som framstiller den heilage biskop Servatius av Maastricht, Holland.

  • Runestein frå Gjerde i Etne

Erlend frå Gjerde

På Universitetsmuseet i Bergen finst to runesteinar som fram til 1820-30-åra låg i kyrkjegardsmuren ved Gjerde kyrkje.

 

På den eine står (i omsetjing):«Ketil sette denne steinen etter Finn, mågen sin». Innskrifta er datert til tida kring år 1100. På den andre står: «Erlend rita desse runer etter Olve, far (sin)».

 

Mykje talar for at dette kan vera den Erlend frå Gjerde som saman med Aslak frå Finnøy var førarar for bøndene frå vestlandsfylka i striden mot Olav Haraldsson i året 1030.

 

Erlend var truleg av dei menn som kongen i sine første regjeringsår knytte til seg og gav makt, men som sidan vende seg frå han. Det var nok dette sviket kongen sikta til når han, slik den legendariske Olavssoga fortel, med vreide og vonbrot tala til motmennene sine før slaget og til Erlend ordla seg såleis: «Eg gjorde deg, liten som du var, til ein stor mann». Både Erlend frå Gjerde og Aslak frå Finnøy fall i slaget på Stiklestad.

 

På kyrkjegarden på Gjerde står framleis ein høg bautastein med ein kross innhoggen øvst oppe. Fleire granskarar har meint at bautasteinen kan vera reist til minne om Erlend frå Gjerde.

  • Sydnes, K.: Gjerdekyrkja i Etne. Shld. 1950, s. 36-41.