• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Helleristningar på Helgaberget i Etne

Helleristningane på Helgaberget (Svein Nord).

Helgaberget - det heilage berget - er ein liten bergknaus som løftar seg nokre få meter opp over terrasseflata på Støle. Bergflata er oversådd av helleristningsfigurar og har etter alt å dømma vore ein kultstad i bronsealderen. Namnet kan tyda på at tradisjonen om heilagdomen kan ha halde seg gjennom nære på 3000 år.

Helleristningane på Helgaberget høyrer til bonden sin kulturkrins og er av det slaget vi kallar jordbruksristningar. Det er ringfigurar og skålgroper som dominerer på bergflata på Helgaberget. Her finst ikkje skipsfigurar, som elles er så vanlege på jordbruksristningar i Hordaland, også i Etne. Heller ikkje finst her teikningar av fotsolar, menneske eller dyr. Kva årsakene til slike skilnader i val av motiv måtte vera, har vi ingen sikker kunnskap om.

På Helgaberget er det skålgropene som dominerer: runde, små skål- eller gryteforma groper, frå 3-4 til 10 cm i tverrmål. Minst 270 stykke er påviste til no. I tillegg kjem somme som tykkjest høyra til ringfigursymbol.

Her er 23 ringfigurar av ymse slag. Somme av dei har eiker som i eit hjul, andre er hogne som fleire konsentriske sirklar inni kvarandre, med ei skålgrop i midten. Her er også kring 20 ovale eller U-forma figurar.

Helgaberget ligg midt inne i eit uvanleg rikt funnmiljø frå bronsealderen, etter vestnorsk målestokk. Her har vore fleire gravhaugar, og nokre få hundre meter nordaust for ristningane vart ein kostesam bronsehalsring funnen.

  • Helleristningar på Bruteigsteinen i Etne
  • Bruteigsteinen

Bruteigsteinen

Bygda Etne er rik på fornminne. Her finst gravhaugar, bygde borger og bergbilete. Treet er eit uvanleg motiv på helleristningar i Noreg, men vi finn det på Bruteigsteinen – eit særs rikt og variert figurfelt. Ristningane vert daterte til bronsealderen. (Egil Korsnes)

  • Kart over figur- og skålgropsfelt i Etne.
  • Helleristningar

Bergkunst i Etne