• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Landskapsdraget sørover langs Krokavatnet og Bjørndalsvida i Etnefjella følgjer Etneforkastinga

Landskapsdraget sørover langs Krokavatnet og Bjørndalsvida i Etnefjella følgjer Etneforkastinga. (Svein Nord)

Søndag 29. januar 1989 klokka 17.38 skaka Etne. Jordskjelvet, med senter ca. 9 kilometer søraust for Etne sentrum, ved Krokavatnet, hadde ein styrke på 4,2, målt på Richters skala. Det kunne merkast over store delar av Vestlandet, særleg i området rundt Åkra, Etne, Hardangerfjorden og Saudafjorden. Skjelvet er av dei største som er målte i Hordaland.

Jordskjelvet i Etne gjorde berre mindre skade. Mellom anna oppstod det sprekkar i jorda i ei skråning langs den nordlege delen av Etnefjorden. Sprekkane gjekk tvers gjennom eit hus som låg i skråninga. Bygningen sokk eit par centimeter på den nordlege sida, og det vart sprekkar både i grunnmuren og på kjellargolvet.

Noreg ligg i eit roleg område samanlikna med jordskjelvsoner som er knytte til plategrenser, slik som i Tyrkia, Japan, California, Mexico og Chile. Likevel er Noreg stadig utsett for små skjelv, særleg i kystnære strøk. Kystområda ligg nemleg i eit grenseområde mellom havområda, der jordskorpa søkk, og fastlandet, som framleis hevar seg sakte etter isavsmeltinga for rundt 11 000 år sidan. I Hordaland kjem dei fleste og sterkaste jordskjelva i Sunnhordland. Desse skjelva ser ut til å bli utløyste ved rørsler langs forkastingane som går nord-sør, parallelt med kysten. Etne-skjelvet vart nettopp utløyst langs ei slik forkasting, 14 kilometer under jordoverflata. Sommaren 2000 vart Vestlandet på nytt skaka av eit større jordskjelv med senter i Sunnhordland, og det er lite truleg at det blir det siste.

  • Kvifor oppstår det jordskjelv?

Kvifor oppstår det jordskjelv?

Jordoverflata er sett saman av store plater, som heile tida er i rørsle. Platene flyttar seg berre eit par centimeter i året. Over tid vil det likevel byggja seg opp spenningar i bergartane, særleg langs grensa mellom to plater. Når bergartane ikkje lenger kan tola spenninga som har bygt seg opp, brest dei, og energien blir utløyst som eit jordskjelv. Energien spreier seg då i alle retningar frå utgangspunktet (jordskjelvsenteret), i form av ulike typar jordskjelvbølgjer. Det er desse bølgjene som blir registrerte på jordoverflata ved hjelp av måleapparat (seismografar).

 

I jordskjelvsenteret skjer det ei fysisk endring i bergartane. I motsetnad til den elastiske deformasjonen, som forplantar seg gjennom jordskorpa i form av jordskjelvbølgjer, skjer endringa i jordskjelvsenteret i form av eit brot, der bergartmassar flyttar seg langs eit plan (figur). Rørsla langs ei slik forkasting kan i einskilde tilfelle nå overflata, til dømes ved større jordskjelv, der jordskjelvsenteret ligg grunt. Avhengig av retninga på forskuvinga kan forkastinga bli synleg på overflata i form av nedsenking, opphøging eller sprekkdanning.

  • Forkastingar og brotsoner i Etneområdet.

Forkastingar og brotsoner i Etneområdet. Etnejordskjelvet i 1989 skjedde truleg på mange kilometers djup ved rørsle langs Etne-forkastinga. (Haakon Fossen)

  • Jordskjelv registrert i det sørlege Skandinavia.

Jordskjelv registrert i det sørlege Skandinavia. Storleiken på skjelva er indikert etter Richters skala. (Norsk nasjonalseismisk nettverk)

  • Atakan, K.; Dahl, S. O. Seismic hazard potential of the Etne region, Western Norway. SEISMO-series 55, Institute of Solid Earth Physics, University of Bergen,1991.
  • Karpuz, M. R.; Gabrielsen, R. H.; Engell-Sørensen, L. 1991. Seismotectonic significance of the 29 January 1989 earthquake, SW Norway. Terra Nova 1991,3:540–549.
  • Mjelde, R. 2001. Jordkloden lever. Tapir.
  • Siste jordskjelv: http://www.geo.uib.no/Seismologi/SisteJordskjelv/receq.html