• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kyrping i Etne, rundt 1900

Kyrping, ca. 1900 (foto: ukjend, eigar Etne Kulturkontor).

Handelsstaden nede ved fjorden på Kyrping høyrer ikkje til den eldre gruppa av handelsstader frå 1600- og 1700-talet. Først etter liberaliseringa av handelslovgjevinga i 1842, kom det handel her.

Like fullt er Kyrping eit gammalt knutepunkt i ferdsla frå Stordalen og Litledalen til bygdene på nordsida av fjorden. Men framfor alt låg Kyrping sentralt i hovudvegen austover mot Røldal; gjennom Stordalen og framom garden Øyno. Frå Bergen og fjordbygdene nordanfor kom dei som skulle på pilegrimsferd til jonsokmessa i Røldal - og i seinare hundreår - til Røldalsmarknaden.

Kyrping har ei god hamn. Her har bøndene på øvre og nedre Sævareid frå gammalt hatt nausta sine, men også Etnefolket nytta sjøvegen frå Kyrping.

  • Kyrping, Etne

Kyrping i dag. (Svein Nord)