• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skånevik

Skånevik (foto: ukjend, eigar Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen).

Det er berre to bygningar att av den gamle handels- og gjestgjevarstaden i Skånevik. Dei står midt i sentrum tett ved hovudvegen som går gjennom bygda. Dei andre bygningane som høyrde til staden, losjihuset («Holteriet»), bakeriet, tingstova, naustet og sjøhuset med krambu vart rivne på 1900-talet.

I 1730-åra dreiv Nils Jacobsen Schanche ei kro i Skånevik utan løyve. Embetsmenn karakteriserte kroa som «ufornøden baade for almuen og Reisende, thi Reisende kommer der icke, og almuen har begaaet adskillige insolventier med drick og Slagsmaal i dette Kroehus». Frå 1785 dreiv Morten Rosendahl som kremmar og gjestgjevar i Skånevik. Det er truleg han som har bygt den noverande hovudbygningen, med eit symmetrisk grunnplan som vart vanleg i Bergen frå midten av 1700-talet. Utover 1800-talet hadde staden fleire eigarar. Ivar Aasen var losjerande på gjestgjevarstaden hos Nils Nilsen Sjøe i 1844, då han ei tid dreiv dialektstudiar i Sunnhordland.

Chr. Bjelland kjøpte heile gjestgjevaranlegget i 1908. No vart hovudbygningen nytta til internat for kvinnelege fabrikkarbeidarar. Huset har seinare gått under namnet «Tippehuset». Hermetikkfabrikken vart bygd på staden der sjøhuset med krambua stod.

Tippehuset kom meir og meir i forfall utover på 1900-talet. I 1979 vart stiftelsen Gjestgjevargarden skipa. Huset vart gjeve som gåve frå Norway Foods, og ei omfattande restaurering starta. I dag nyttast lokala mellom anna til kafe og konsertar.

  • Måleriet «Fra Skånevik» av Lars Hertervig, 1855

«Fra Skånevik»

«Fra Skånevik». Lars Hertervig, 1855 (foto: Fotograf Henriksen, eigar Kode (46,5x64,5)).

  • Gjestgjevarstaden i Skånevik, Etne

Gjestgjevarstaden

Gjestgjevarstaden («Tippehuset») (Svein Nord).

  • Haugland, A. (1981-1984) Skåneviksoga. Bd. I-II. Skånevik, Skånevik bygdeboknemnd.
  • Koefoed, H. (1984) Lars Hertervig: lysets maler. Oslo, Gyldendal.
  • Skålnes, I. (1978) Gamalt samkvem mellom Austlandet og Vestlandet og Suldalsgjento som kom til Skånevikstrondo. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 8-10.
  • Vevatne, I. (1988) Postvegen. I: Etne Sogelag, Årbok, s. 52-55.
  • Vinje, T. (1941) Gamalt handelsamkvem mellom Austlandet og Vestlandet: krøterhandlarar og kramkarar. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 17-29.
  • Vinje, T. (1991) Den gamle ferdavegen gjennom indre Etnefjella. I: Etne Sogelag, Årbok, s. 21-29.