• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Den flate terrassen på moreneryggen på garden Tjedla viser kor høgt havet stod på slutten av den siste istida.

Den flate terrassen på moreneryggen på garden Tjedla viser kor høgt havet stod på slutten av den siste istida. (Inge Aarseth)

MORENENE I SKÅNEVIK

I Skånevik er det merke etter iskanten som rykte fram i den tusen år lange kuldebolken (yngre dryas) som avslutta istida for om lag 11 500 år sidan. Breen gjekk først ut Åkrafjorden og rundt Vannes og sende så ein arm inn mot Skånevik. Her la breen att ein endemorene opp mot fjellsida.

For 13 000 år sidan endra klimaet seg frå forhold nesten som i dag til 4–5 grader kaldare nokre hundre år seinare. Breane la på seg, særleg i fjella i midtre strøk av Hordaland, der det meste av snøen kom Brearmane strøymde ut dalane og fjordane. I Etne er det terrassane og moreneryggene på Austreim og Grindeim som tydelegast fortel om forholda på slutten av istida. Då breen nådde inn til nabobygda Skånevik, stakk Prestafjellet opp over han Det hadde vore eit imponerande syn om vi kunne ha sett brekanten runda dette fjellet I den bratte nordskråninga, mellom Prestafjellet og Håfjellet lenger aust, ramla det ned mykje frostforvitra stein. Breen frakta dei med seg, i tillegg til stein som han sjølv reiv laus, rundt fjellet og inn til moreneryggen i Skånevik. Heile området som no er Skånevik sentrum, var enten gøymt under breen eller låg under havflata, som då var 83 meter høgare enn i dag

Moreneryggen i Skånevik er finast mellom Miljaelva og Valdraelva, der det òg veks ein om lag hundre år gammal planteskog av bøk. Bekkene har skore seg gjennom ryggen, som er opptil 10 meter høg og 35 meter brei på det meste. Vestanfor Tjedla kan ein følgja ryggen, vel ein kilometer, nesten heilt ned til Leiknesvika. Her er den naturlege forma noko øydelagd ved at ryggen delvis er planert ved oppdyrking Men noko av planeringa gjorde naturen sjølv ved at havet kom til då isen smelta tilbake. Like vest for Tjedla finn vi i 83 meters høgd ei flate som bølgjene jamna ut i stranda for 11 500 år sidan.

På andre sida av Skånevikfjorden nådde brekanten Ølfernes. Tvers over fjorden frå Skånevik til Ølfernes skuva breen saman ein 50 meter høg morenerygg. På botnen framfor ryggen vart det avsett 150 meter tjukke lag av leire som breelva hadde ført med seg.

  • Kart over isbreen i Skånevik for 11700 år sidan.

Kart over isbreen i Skånevik for 11700 år sidan. (Karl Anundsen/Inge Aarseth/Eva Bjørseth)

  • Bøkeskogen i Skånevik
  •  Frøblad av bøk

Bøkeskogen på moreneryggen i Skånevik er ein av dei nordlegaste i landet – eit vakkert naturområde med tilrettelagd naturstig. (Svein Nord)

  • Hunnes, O.; Anundsen, K. 1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland:67–68. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.
  • Undås  ,I.1963. Ra-morenen i Vest-Norge.1963. J. W.Eide.