• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Statue av Magnus Erlingsson ved rådhuset i Etne

Statue av Magnus Erlingsson ved rådhuset i Etne (Svein Nord)

Høgt oppe frå sjøen og strandflata, på ein av dei vide terrassane som havet og isen har forma, ligg garden Støle (Stødle). Det gammalnorske namnet Studla kjem av studill; «støtte, hylle». Alt i vikingtida har Støle vore ein hovdinggard, ein god gard på bøane som morenemassane forma.

Stormannsætta på Støle var viktige støttespelarar for kongemakta. Snorre fortel om Bjørn frå Studla som stod i framrommet hjå Olav Tryggvason i slaget ved Svolder. I Orknøyinga-saga finn vi nemnt Orknøy-jarlen Ragnvald Kales gode ven «Kyrpinga-Orm» og dei to sønene hans, Ogmund og Erling. Den same Erling fekk tilnamnet «Skakke» etter eit sverdhogg i halsen under Jorsalferda i 1152-55 i lag med Ragnvald Jarl. Erling vart gift med dotter til Sigurd Jorsalfar, Kristin; han vart jarl og kongens lendmann og kom til å prega norsk politikk utover 1100-talet. Son til Erling, Magnus (1156-1184), vart krona til konge i Bergen i 1164, og vi må ha lov å tenkja oss at den unge etne-guten Magnus, som vart konge berre 8 år gammal, vart døypt nettopp i kyrkja på Støle, høgendeskyrkja til Erling Skakke. Fram til Erlings fall på Kalvskinnet i 1179 og slaget ved Fimreite i 1184, der Magnus Erlingsson fekk banen sin, stod Stødleætta i sentrum for rikspolitikken.

  • Halsring funne på Støle i Etne

Hausten 1938 vart det funne ein bronsering i ei meterdjup myr på Støle. Ringen er laga av ei vriden og ringbøygd bronsestong som i kvar ende går over i spissovale plater. Platene endar i to spiralar som er hekta i kvarandre.

 

Ringar av nokså nøyaktig same slag er kjende frå fleire funn i Sør-Skandinavia og i Mellom-Europa. Dei kan daterast til midten av yngre bronsealder, kring 700 år f.Kr. og har vore bruka som halsringar med platene og spiralane vende bakover mot nakken. Etter alt å dømma er dette eit kvinnesmykke.

 

Funntilhøva tyder på at ringen er lagd på staden med vitande og vilje, som eit offer. Han låg på ein stein, på aurbotnen, og må ha lege der fullt synleg, like til myra grodde over han.

 

Kvinnesmykke er langtfrå sjeldsynte i offerfunn frå yngre bronsealder i Danmark, Sør-Sverige og delar av Sør-Noreg. Særleg er halsringar vanlege, men også armringar og visse slag beltespenne. Mange forskarar meiner at desse kvinnesmykka er ofra til ein bestemt guddom. Ein meiner jamvel å ha funne bilete av henne i nokre bronsestatuettar frå yngste bronsealder, kjende frå fleire danske funn. Desse statuettane syner ei kvinne med ein stor ring kring halsen. Somme har kalla henne «Gudinna med halsringen».

 

I norsk samanheng er dette både eit sjeldsynt og eksotisk funn. Ringen er laga i Mellom-Europa og er komen til Etne via Danmark. Han må ha representert ein stor kapital for den som åtte han, og som for 2700 år sidan gav han frå seg - kan hende som eit offer - til «Gudinna med halsringen».

 

Halsringen finst no på Universitetsmuseet i Bergen.