• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gardstunet på Årskog, Fitjar

Gardstunet på Årskog (Svein Nord).

EIT KULTURLANDSKAPSMUSEUM

Garden Årskog ligg i eit typisk kystlandskap, i lett skrånande lende frå lyngheia i utmarka og ned mot fjorden. Gardstunet ligg slik det var på 1800-talet. I 1980 gav dei to brørne, Lars og Olai Årskog, garden til museumsføremål, med all reiskap og husbunad frå dei siste hundre år.

Garden ligg i eit lite dalsøkk ved Årskogelva; eit innhaldsrikt kulturlandskap, med lauvskogkjerr, rydningsrøysar, blomeenger og lyng. Garden har vore i same ætta i meir enn 300 år; ein jamn velstandsgard. Eit arveskifte frå 1794 viser eit verde av 3186 riksdalar. Det var det rikaste buet i Våg skipreide. I dag er Årskog eit museum og det er mellom anna ei unik tekstilsamling på garden.