• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sik

Sik vart registrert i vatnet på Engesund alt i 1920-åra, men kan ha vore der lenge før det. Næraste bestanden elles er på Jæren, og fisken har truleg ikkje funne vegen hit utan hjelp frå menneske. Det var mykje trafikk til gjestgivarstaden Engesund i tidlegare tider, så siken kan nok ha kome hit med handelsskip på veg mot nord.

Sik er ein framifrå matfisk som livnærer seg på botndyr og plankton. Sportsfiske er krevjande. Vanlegvis må ein ty til garn for å fanga han, men i vatnet på Engesund skal ein opp gjennom åra ha fått mange på makk og krok. Er forholda dei rette, kan siken bli fleire kilo. Men på Engesund er fisken småfallen – om lag som sild av storleik. Prosenten gamle fiskar er stor, slik det ofte er i tette bestandar med lite næring, der fisken ikkje veks normalt.

Vatnet som siken finst i, er drikkevasskjelda til hovudhuset på Engesund. Derfor tillèt ikkje grunneigarane sportsfiske.

  • Lura, H.; Kålås, S. 1994. Ferskvassfiskane si utbreiing i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Rapport, Zoologisk Museum, UiB.