• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Færøysund, Fitjar

Den gamle handelsstaden ligg ved sundet mellom Stord og Færøy i Langenuen. Her var det landhandel og dampskipsekspedisjon fram til 1964. Då vart handelen flytta over til den nye ferjestaden i Sandvikvåg.

På 1600-talet var det både gjestgjevarstad og handelsstad her, men han kunne ikkje tevla med Bekkjarvik, Engesund og Brandasund, som låg nær dei rike fiskefelta. Difor var det vanskeleg å klara seg her, og busitjarane flytta ofte. I 1700-åra og tidleg på 1800-talet ser det ikkje ut til at det vart drive handel her, for det er i denne tida berre tinglyst kongeleg privilegiebrev for gjestgjevarverksemda. Då handelen vart frigjeven i 1842, blomstra Færøysund opp, og her vart det både dampskipsstoppestad og postopneri.

Den empire-prega hovudbygningen, med fine louis-seize-detaljar innvendig på listverk og dører, skal vera fytta hit i 1858 frå Litle-Bergen eller Fana. Det står også eit sjøhus, ei krambu og ei løe på bruket, medan bakeriet og bondestova er rivne. Hovudhuset på den tidlegare gjestgjevarstaden er restaurert og har opna dørene for nye gjester, med gode overnattingsrom i "gamlahuset" og i krambua - og ein færing til fiske på fjorden.