• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ænes, Kvinnherad

Kyrkja på Ænes, nedst til høgre på biletet, ligg vakkert til på neset ut mot fjorden (Svein Nord).

Ænes har vore ein av dei gode gardane ved Maurangerfjorden i mellomalderen. På Harald Gilles tid, kring 1130, høyrer vi om Gaut på Ænes. Adelsslektene kring Hardangerfjorden gjorde seg tidleg gjeldande i det politiske liv, og det er lett å sjå at den fine og frittliggjande garden på Ænes også var ein god kyrkjestad.

Steinkyrkja på Ænes er truleg bygd i siste halvdel av 1200-talet. Om det har stått ei stavkyrkje her tidlegare, veit vi ikkje sikkert. Steinkyrkja har halvannan meter tjukke kistemurar; ei lita einskipa kyrkje med smalare kor. Det noverande, litt flate taket fekk kyrkja ved ei ombygging i 1869. Då vart også vesttårnet oppført i tre. Tidlegare stod det eit rektangulært vindauga i sørmuren. Dette vart erstatta av to rundboga vindaugo ved ei restaurering i 1950-åra. Frå 1600-talet og fram til 1901 høyrde Ænes og kyrkja til stamhuset i Rosendal.

Sønene til Gaut på Ænes, Jon og Munan, vart lendmenn under Magnus Erlingsson. Begge brørne miste livet under kampane med Sverre. Jon sine søner heitte Anbjørn og Gaute. Anbjørn vart oppfostra hjå baglarbispen Nikolaus Arnesson, medan Gaute slo seg til på Mel, som nokre hundreår seinare vart ein del av baroniet i Rosendal. Heilt eintydige er ikkje dei historiske kjeldene. Det har vore peika på at Ænes kan vera ei feil-lesing for Urnes (i Sogn); i så fall vert historia ei anna.

  • Landhandel på Ænes, 1880-åra

Landhandelen på Ænes

Landhandelen på Ænes frå 1880-åra høyrer til dei yngre handelsstadene som voks fram etter 1842 (N. F. Wilse).

  • Høyland, R. (1941) Gjerdeætti. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 3-12.
  • Magerøy, H. (1988) Urnes stavkyrkje, Ornes-ætta og Ornes-godset. Historisk tidsskrift, 67 (2), s. 121-144.
  • Sydnes, K. (1929) Gjerdetunet i Kvinnherad. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 51-54.