• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brefallet på Bondhusbreen.

Brefallet på Bondhusbreen. Djupe sprekkar som på biletet er teikn på snøgg brerørsle. (Svein Nord)

TURMÅL I TOPPKLASSE

Bondhusområdet i Mauranger har vore ein turistmagnet like frå turiststraumen til Vestlandet byrja på midten av 1800-talet. Det storfelte landskapet med «isvegen» opp til Bondhusvatnet, brefallet til Bondhusbreen og Keisarstigen opp til Folgefonna er enno populære turmål.

Sjølve Bondhusdalen er utforma under istidene av brear frå området der Folgefonna ligg i dag. Seinare, frå for 7000 år sidan,vart her heilt isfritt, men kaldare klima sette inn 3000 år seinare, og Folgefonna vart danna. Følgjer vi dalen oppetter, vandrar vi gjennom eit landskap som fortel om skiftande klimaforhold og breposisjonar.

Nedst i dalen, frå parkeringsplassen, kan vi tydeleg sjå ein endemorene. Etter at Hardangerfjordbreen kalva tilbake for 11 500 år sidan, rykte breen i Bondhusdalen fram og la att denne morenen. «Isvegen» vidare oppetter vart bygd for å frakta isblokker frå breen ned til sjøen og til skip som førte isen vidare til utlandet. Vegen går dels mellom digre skredblokker frå dalsidene. Det største skredet,som demmer opp Bondhusvatnet, har losna frå fjellkammen ovanfor Keisarstigen. Inst i dalen ligg Bondhusbreen, ein vestleg utløpar frå Sørfonna. Han dekkjer eit areal på 24 km² og strekkjer seg frå brekulen, om lag 1640 moh., ned til om lag 400 moh.

Siste kilometeren framfor breen er det fleire morenerygger. Brehistoria kan her rekonstruerast nøyaktig. Frå rundt år 1650 og utover vart klimaet kjøligare. Dei fleste breane i Vest-Noreg byrja då å rykkja fram. Denne kuldeperioden varte fram til kring 1920. Presten Niels Hertzberg måla breen i 1801. På akvarellen står det at brefronten låg på 326 moh. Det svarar heilt nøyaktig til høgda på dei ytste moreneryggene vi finn framfor breen. Bileta til fotograf Knut Knudsen, som såg breen første gong i 1891,og bilete tekne av andre, gjer det mogleg å kartleggja variasjonar i storleiken på breen opp til vår eiga tid. Eit bilete frå 1870/71 viser at brefallet i Bondhusbreen var stort og mektig, og at bjørkeskogen vart broten ned av brefronten. Seinare smelta breen for det meste tilbake, men gjorde små framrykk som la att morenar rundt 1930. Tilbakegangen stoppa opp i slutten av 1950-åra. Dei neste 30 åra endra breen seg lite. Men i byrjinga av 1990-åra tok han til å gå fram att, som eit resultat av stor vinternedbør i slutten av 1980-åra og først i 1990-åra. Mellom 1996 og 1997 gjekk fronten fram heile 43 meter.

  • Bondhusdalen

Kart over Bondhusdalen med dei største moreneryggene og skredmassane. (Jostein Bakke/Svein Olaf Dahl/Eva Bjørseth)

  • «Patentførar» Godskalk Gjerde frå Mauranger med turistar på Fonna.

«Patentførar» Godskalk Gjerde frå Mauranger (t.h.) med turistar på Fonna. Godskalk Gjerde var frå Austrepollen, og hadde breførarsertifikat gjennom Den Norske Turistforening. (Kopi:Kvinnherad kommune)

  • «Bondhuusdalen og Maurangerbræen».

Joachim Christian Geelmuyden Gyldenkrantz Frich (1810–1858): «Bondhuusdalen og Maurangerbræen».

  • Bondhusbreen, Kvinnherad

Bondhusbreen (Svein Nord).

  • Rekstad, J.1907. Folgefonnshalvøens geologi. Norges geologiske undersøkelse 45.
  • Riis-Simonsen, J. 1999. Rekonstruksjon av bre og klimahistorie i Bondhusdalen. Upublisert hovedfagsoppgave, UiB.
  • Tvede, A. Folgefonni – en glasiologisk avviker. Naturen 97,1973,s.11–15. Hunnes, O.; Anundsen, K.1985. Forslag til kvartærgeologiske verneverdige objekt/områder i Hordaland. Rapport T-614 Avdelingen for naturvern og friluftsliv, Miljøverndepartementet.