• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gjuvsland (Svein Nord)

I uminnelege tider, truleg tilbake til mellomalderen, har dyra frå gardsbruka på Gjuvsland gått på beite i dei solvarme liene mot Mauranger og Kvinnheradsfjorden på søraustsida av Varaldsøy. Det er berre ein av teigane som framleis er i bruk, men den eineståande rike og varierte blomeprakta på slåtteengene fortel om tradisjonell drift i hundreår.

Gjennom generasjon etter generasjon har dette landskapet vore beita og slått på tradisjonelt vis, og edellauvskogslia har vore nytta i gardshushaldet på same måte i mange hundreår, med styving av alm og ask til attåtfôr. Sjølve lia, som er på 10 dekar, har svært bratte parti, og det er vanskeleg å finna fotfeste når gras skal slåast og rakast i august. Store tre, spreidd barlind, kristtorn, gamle plommetre, ei fint bevart utløe og strandlinja nedanfor gir slåtten eit idyllisk preg. Mest imponerande er likevel det rike blomefloret, eit er relikt frå tidlegare tiders jordbrukslandskap, med opptil 40 artar pr.kvadratmeter. Ingen av planteartane kan seiast å dominera, sjølv om prestekrage, fleire gule korgplanter og skjermplanter gjer mykje av seg når dei blømer. Her finn vi dei aller fleste planter som hos oss veks langs kysten. Mange av artane er kalkkrevjande og varmekjære. Fleire av dei er gradvis vortne sjeldnare elles i fylket dei siste tiåra.

Det har teke minst 500 år å utvikla desse unike engene. Slik artsrikdom veit vi ikkje om andre stader på Vestlandet, og truleg finst det berre svært få slike enger som framleis vert skjøtta gjennom tradisjonell drift. I Gjuvslandslia finst óg ein av dei største veksestadene for barlind i landet, og granfeltet som vart planta her for meir enn 50 år sidan er no fjerna, slik at barlinden får gode vilkår.

Utan drift vil desse engene verta overgrodde og endra seg raskt. Blomar som er avhengige av lys, trakk og beite, vil verta borte. Her som andre stader er det fare for at det gamle kulturlandskapet vil forsvinna, kanskje for alltid. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast og som i vår tid inneber rike opplevingsverdiar. Det kviler eit stort ansvar på vår generasjon for å forvalta desse verdiane.

Eigedommen er innmark, og ferdsle er ikkje tillate etter lova, bortsett frå langs gangstigen gjennom området. Grindene må haldast stengde på grunn av beitedyra. Ein del av Gjuvslandslia vart i 2000 landskapsvernområde.

  • Gjuvslandsaga

Gjuvslandssaga

Ikkje berre utslåttene og beitemarka, men også sagbruket har høyrt til fellesressursane på Gjuvslandsgarden. Fire bruk er partseigarar i den vassdrivne saga. Sagrettane høyrer med til utskiftingsgrunnlaget for bruka, delt med ein fjerdepart på kvar: dei tre første dagane i veka i annankvar månad på eitt bruk, dei tre siste dagane i veka på det neste. Saga vart driven av eit stort underfallshjul som fekk vatn frå ei lita demning i elva ovanfor. I dag står det ei sirkelsag her: tidlegare var det ei oppgangssag. I 1603 veit vi at det var sag på Gjuvsland. I dag er det berre få att av desse sagene. Gjuvslandssaga er siste fase i ei lang teknologisk utvikling gjennom meir enn 400 år; eit eineståande historisk bilete.

  • Andersen, H. L. 1999. Plantegeografiske studier av utvalgte populasjoner blåveis (Hepatica nobilis Schreb.) i Norge. Cand. scient. oppg. UiB, Botanisk inst.
  • Brekke, N.G. (1986) Gjuvsland sag på Varaldsøy. Fortidsvern, 12 (2), s. 35.
  • Lindmo, S.; Salvesen, P.H.: Skogen, A. 1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. UiB, Botanisk inst. Rapp.50.
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2001. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland.Vedlegg V: Flerbruksplan for Gjuvslandslia landskapsvernområde, Kvinnherad kommune. Rapp.til Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavd.
  • Hordaland, verdifulle kulturlandskap frå hav til fjell. 2000. Fylkesmannen i Hordaland, Landbruksavdelinga og Miljøvernavdelinga. Losvik, M. H. 1996. Gjenfunn av engarter i Hordaland og Sogn. Blyttia 54: 47–59.