• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Halsnøy

MANGE SMÅØYAR SOM VART TIL EI ØY

Hadde ikkje Hardangerfjordbreen mot slutten av istida rykt fram over fjordbotnen, ville Halsnøy ikkje eksistert som éi øy, men som mange småøyar. Breen skuva framfor seg så mykje leire frå havbotnen at Brattåsen, Toftåsen, Landåsen og Svartaberg vart samla i eitt landområde.

Breen som kalva innover Hardangerfjorden på slutten av den siste istida, la frå seg mykje leire på havbotnen. På Valen er det funne 13 500 år gamle skjel i leira. Havnivået den gongen var om lag 70–80 meter høgare enn i dag. Då klimaet vart kaldare knapt 1000 år seinare, rykte brefronten fram til småøyane som no finst att som åsar og berg på Halsnøy (a på teikninga). Området sørover frå Landåsen til Trollåsen ved Sydnes var den største øya. Breen la opp ein leirrik morenerygg som batt øyane saman. Den største smeltevasselva munna ut mellom Klosterneset og Huglahammaren og avsette der ein lausmasserygg på djupt vatn tvers over fjorden,med om lag 100 meter tjukke lag av sand og grus oppå like tjukke leirlag. Morenen på Halsnøy er ein del  av Herdlamorenen i Hordaland.

Den mest leirrike morenen finn ein ved Halsnøy kloster, i områda ved Eid og sørvest for Toftevågen. Leira er knadd saman med stein og grus. Steinen og grusen sokk ned frå isfjell som hadde kalva frå brefronten. Dagens strender på Halsnøy varierer frå svaberg eller blokkstrender på oddane til sandstrender i vikane. Strendene er resultatet av samspel mellom det breen la frå seg,og krafta frå bølgjene når dei slår inn mot land.

Aust for Landåsen strekte fleire små bretunger seg eit stykke sørover i små dalsøkk, der dei la opp små morenerygger. Brearmen ut Høylandssundet nådde ikkje over Svartaberg, men la opp ein fin morenerygg vestover forbi Skata. Ryggen finst att som store blokker i stranda ved Høylandsbygda. Så kryssar han Høylandssundet og kjem att på fastlandet ved Ersland.

Halsnøy vart altså til ved at fronten av den mektige Hardangerfjordbreen rykte fram. Merke etter brekanten finst langs fjellsidene vidare innover fjorden i form av tydelege sidemorenar eller blokkbelte heilt til botnen nord for fjellet Gygrastolen i 965 meters høgd. Frå ferja mellom Gjermundshamn og Årsnes ser vi blokkbeltet oppe i synsranda under Norlifjellet. 

  • Hedlamorenen i Hordaland

Hedlamorenen i Hordaland

12 600 år sidan

12 600 år sidan: Endemorenen vert avsett av breen. Morenen dannar «halsen» på Halsnøy og bind i dag øya saman. 

I dag

Halsnøy i dag. Endemorenen som vart avsett for 12 600 år sidan dannar «halsen» på Halsnøy og bind i dag øya saman. 

  • Holtedahl, H. 1975. The Geology of the Hardangerfjord, West Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 323.
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2001. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland. Vedlegg X:Sæbøskora naturreservat, Kvinnherad kommune. Rapp.til Fylkesmannen i Hordaland,Miljøvernavd.