• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Matersfjorden med Holmedalsberget i bakgrunnen.

Matersfjorden med Holmedalsberget i bakgrunnen. (Svein Nord)

ARTSRIKDOM I BRATTLENDET

Dersom du vil vera for deg sjølv ein lang dag i ein storslått edellauvskog i eit krevjande terreng, er Holmedalsberget den rette staden. Dette er eit stort skogområde ved Matresfjorden i den sørvestlege delen av Kvinnherad. Her finn vi ein av dei største edellauvskogane i Hordaland. Skogen strekkjer seg over fleire kilometer.

Området vart freda som naturreservat i 1984 for å ta vare på eit verdifullt skogområde i ei bratt fjordside med naturleg avgrensing mot sjøen. Her er ingen vegar eller andre inngrep frå nyare tid. Alle dei typiske treslaga i ein vestnorsk edellauvskog finst der, som alm, ask, lind, hassel, svartor, gråor og eik. Forma på mange av trea, særleg ask og alm, viser at dei har vore styvde. Det er tydeleg at skogen tidlegare vart nytta av bøndene. Derfor var han meir open før. I dag har det grodd til svært mykje ung lauvskog mellom dei gamle stuvane.

Plantedekket i denne edellauvskogen inneheld mange urter,bregner og gras som stiller bestemte krav til klima,berggrunn og jordsmonn. Det finst godt over to hundre artar karplanter i skogen, og fleire av dei er sjeldne.

Holmedalsberget ligg i eit distrikt med mykje nedbør, kanskje så mykje som mellom 2000 og 3000 millimeter i året. I det bratte terrenget renn vatnet fort unna. Men mykje blir òg soge opp av den næringsrike brunjorda, der mineral blir løyste opp, slik at plantene kan ta dei opp gjennom røtene.

  • Gulsongar

Gulsongaren er typisk i frodig lauvskog på Vestlandet, også i Holmedalsberget. Arten er ikkje like vanleg som før – årsaka kan vera å finna i vinterområda i Afrika, der tørke og bruk av sprøytemiddel er alvorlege truslar mot fuglane. (Jan Rabben)

  • Lindmo,S.;Salvesen, P. H.; Skogen,A.1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Univ. Bergen. Botanisk inst. Rapport 50.
  • Moe, B. 1995. Vernet edelløvskog i Hordaland;tilstand, fastruteanalyser, floraoversikt og skjøtselsbehov 20 år etter registreringene. Fylkesmannen i Hordaland. MVA-rapport 5.