• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå Ingahogg.
Frå Ingahogg. Ulvanosa bak til venstre. (Svein Nord)

KLEBERSTEINSBROT I 1000 METERS HØGD

Nesten 1000 meter over havet, på nordsida av fjellet Ingahogg, er det funne restar etter eit klebersteinsbrot. Herifrå skal Inga – så seier segna – ha henta den store klebersteinen som ligg framfor hovudinngangen til Åkra kyrkje.

Kleberstein er mjuk og lett å forma. Han var derfor ein omtykt bergart før i tida. Det er ein heller uvanleg bergartstype, men i tilknyting til gabbrobeltet i Sunnhordland finst det ei rad mindre kroppar av slektningen serpentinitt, som somme stader er omdanna til kleberstein.

I brotet finst det spor etter uttak av gryter og kar, men klebersteinen herifrå har mykje truleg òg vorte nytta til garnsøkke og vevlodd (kljåstein),støypeformer og anna. Det er elles hogge ut større blokker,men kva ein brukte dei til,er uvisst. Brotet i Ingahogg er ikkje undersøkt nærare.Vi kan derfor ikkje tidfesta drifta, men sannsynlegvis har det vore brote ut stein her i lang tid. I Kvinnherad finst det òg klebersteinsbrot i Åkra og Rosendal. Truleg ligg det fleire uoppdaga brot. Dersom du vil leita etter dei, er det best å gjera det i tilknytning til gabbrobeltet.

  • Utsyn frå brotet mot nord

Utsyn frå brotet mot nord. Knausane framme på biletet ligg innanfor brotområdet. Her kan ein finna spreidde hoggemerke etter uttak langs ei skrå hylle i fjellet. Hugs at klebersteinsbrot er freda fornminne – ikkje bruk kniv eller ta stein frå brotet. (Svein Nord)

  • Gabbrobeltet i Kvinnherad

Gabbrobeltet i Kvinnherad

I grunnfjellet frå Rosendal til Åkrafjorden strekkjer det seg eit fleire kilometer breitt belte av basiske bergartar. Geologane kallar gjerne denne sona gabbrobeltet, men ho inneheld òg mange andre bergartar. Dei er restar av Hordaland si jordskorpe for halvannan milliard år sidan. Bergartane er såleis eit vitnemål om den eldste delen av den geologiske utviklinga i Hordaland.

 

Urtidsjordskorpa vart i første rekkje danna av størkna jern- og magnesiumrike smelter frå djupet. Kva desse gabbrosmeltene trengde inn i, veit vi ikkje. Kanskje vart det danna heilt ny skorpe ved at den gamle rivna og vart dregen til sides. Seinare pressa granittsmelte seg inn i gabbroskorpa, slik at det berre er restane av den gamle skorpa vi no finn att.

  • Basaltgang som har trengt inn i gabbro.

Basaltgang som har trengt inn i gabbro. Slike basaltgangar er vanlege i gabbrobeltet. Frå Røynholm. (Haakon Fossen)

  • Sigmond, E. M. O. 1975. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Sauda – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.