• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kvinnherad kyrkje

Kvinnherad (Skåla) kyrkje.

Den høgreiste Kvinnheradskyrkja, med den karakteristiske profilen mot den mektige Malmangernuten i bakgrunnen, gjev deg i sjeldsynt grad ei kjensle av å oppleva eit historisk landskap, når du rundar Nes og møter dei velstelte bøane på Skålagarden. Kyrkja på Skåla er ei av dei fire fjordungskyrkjene i fylket, og denne garden var sentrum i skipreida.

Kvinnherad kyrkje og Skåla kyrkje er nemningar som vi vekselvis møter i dei skriftlege kjeldene. Første gang vi finn kyrkja omtala, er i 1306. Dei gotiske stildetaljane i vestportal og korvindaugo viser at steinkyrkja er bygd mellom 1260 og 1300. Opphavleg kan ho ha hatt vesttårn, men i dag er kyrkjetaket trekt ut over tårnmurane. På nordsida av koret ligg det eit gravkapell frå 1670 og eit sakristitilbygg frå 1913. Då vart kyrkja restaurert under leiing av domkyrkjearkitekt Olaf Nordhagen. Glasmåleriet i austvindauga i koret er laga av engelskmannen C.O. Skilbeck.

Gravkapellet er bygt av baron Ludvig Rosenkrantz og inneheld 15 sarkofagar. Her kviler Axel Mowat og kona Karen, Ludvig Rosenkrantz og kona Karen Mowat og biskop Edvard Londemann Rosencrone med kona Anna Nyegaard.

Altertavla, som er prydd med Rosenkrantzfamilien sitt slektsvåpen, er måla i 1705 av Hans Sager. Preikestolen, med evangelistframstillingar og utskorne detaljar i renessanse og barokk må vera frå tida kring 1630. I skipet heng ei stor lysekrone i messing med inngravert våpenskjold og innskrifta «Anna Godzen Sc Müller 1766». I kyrkjetårnet heng det to klokker frå mellomalderen.

Stadnamn i Rosendal

Knapt noko anna stadnamn i Hordaland står det ein friskare dåm av enn Rosendal. Og den tradisjonsrike bygda med baroniet i blomebunad er vel verd ei vitjing. Men namnet er ikkje gammalt. I eit dokument frå 1723 står det «Rosenthal – tilforn Hatteberg kaldet». Og «tilforn» må vera før 1678; det året garden vart opphøgd til baroni. Baroniet vart namngjeve etter mønster av adelsseta Rosenvoll og Rosenholm i Danmark. Namneleddet Rosen- har såleis runne av tysk rot.

 

Langt eldre er altså namnet Hatteberg. Føreleddet Hatte- reknar ein med går attende på ei eldre genitivform av ordet hott, brukt om runde fjellknattar. På garden er det fleire slike, m.a. ein som har vore kalla Skolten. Mel er laga av det vanlege ordet (sand)mel, sandgrunn, sandbakke. På Mel skal det i mellomalderen ha stått ei kyrkje. Seim, som ligg litt lenger sør, går attende på Sæheim: 'garden ved sjøen'. Enda meir historisk interessant er Skåla (uttala på same måte som verbet å skåla), ein av grannegardane til baroniet. I eldre tid vart skåle brukt om 'forsamlingshus, gildeskål', (jf. Gildeskål i Nordland), og det er grunn til å tru at Skåla tidleg har vore ein samlingsstad for folk frå distriktet ikring.

  • Skaaluren, W. (1980) Verven og vi. Rosendal.