• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Langhaugane, Ulvanosa i bakgrunnen.

Langhaugane, Ulvanosa i bakgrunnen. (Svein Nord)

MORENERYGGENE PÅ LANGHAUGANE

Langhaugane (600 moh.) på fjellet aust for Uskedalen sentrum kan synast merkelege, der dei snor seg i over ein kilometers lengd på platået på nordsida av Mannsvatnet. Det er fleire parallelle rygger opptil 10 meter høge, med store blokker i overflata.Ryggene er gode døme på det som blir kalla sidemorenar. Sidemorenar er lausmassar, mest grus, stein og blokker, som ligg att på sidene av isbreen. Breen som avsette dei, kom frå Folgefonnområdet og sende brearmar ned gjennom dalane. På platået ved Mannsvatnet tok breen med seg grus og stein langs vestsida av Solfjellet. Dalbreen gjekk så ned på sørsida av Storhaug og flaut saman med Hardangerfjordbreen, der han bygde opp endemorenen på Halsnøy for vel 11 500 år sidan, ein del av Herdlamorenen i Hordaland.

I ryggene finst det òg erosjonsspor etter smeltevatn frå breen (pilar) som grov seg gjennom dei, og daudisgroper (runde symbol), som er groper danna når store isklumpar, som vart nedgravne i lausmassane, etter kvart smelta.

  • Herdlamorenen i Hordaland

Moreneryggene på Langhaugane (Bjørn Follestad/Eva Bjørseth)