• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ølve

JORDBRUK PÅ HARD LEIRE

Ølve har ein spesiell jordart. Her er det ekstra hard leirjord. Det merkar dei som arbeider med utgraving av hustufter og liknande. Då krevst det ofte ekstra store gravemaskiner og til tider dynamitt for å koma ned i dei kompakte massane. Årsaka til det er breveksten mot slutten av istida: Leira, som først vart avsett framfor breen, kom under stort trykk då breen seinare voks og glei fram over leira.

Då breen kalva tilbake i Hardangerfjorden for om lag 14 000 år sidan, stoppa iskanten eit stykke innanfor Ølve. Elva som munna ut i fjorden under breen, førte med seg smeltevatn med store mengder leire,som vart avsette på havbotnen like utanfor. Ettersom havnivået då var om lag 75 meter høgare enn i dag, vart leira avsett både på fjordbotnen og på det som no er dei flate områda nord for Ølveshovda og nordvestover mot Håvik, som då låg under vatn. Det levde fleire sortar skjel i denne leira, og bitar av dei viser seg å vera om lag 13 300 år gamle.

Så følgde det ein kuldeperiode (yngre dryas) som førte til at breane voks. Hardangerfjordbreen gjekk over leira på Ølve og ut til Halsnøy og Huglo og la etter seg endemorenen der. Høgda på sidemorenane på Rosendalsida viser at det har lege om lag 400–500 meter tjukk is ovanpå leira på Ølve. Kvifor klarte ikkje isbreen å fjerna den mjuke leira,når han ikkje hadde problem med å riva laus store fjellstykke? Leirmassen er sett saman av ørsmå flak med vassfylte porer imellom. Då breen trykte leira saman, auka trykket i porene, slik at breen ikkje grov så mykje, men i staden berre glei fram over leira, om lag som ved vassplaning.

Etter at isbreen smelta inn Hardangerfjorden att, gjekk kalvinga så fort at det ikkje vart avsett nemnande leire på Ølve. Landet byrja å stiga, og leirflatene vart litt utvaska i stranda, men sidan dei var så kompakte, vart det meste liggjande att.

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (a) 13 500 år sidan

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (a) 13 500 år sidan

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (b) 11 700 år sidan

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (b) 11 700 år sidan

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (c) I dag

Utviklingsstadium i danninga av den harde leira i Ølve. (c) I dag

  • Aarseth ,I. Glasiasjonsforløpet i Bjørnafjordsområdet, Hordaland. 1971. Upublisert hovedoppgave, UiB.
  • Kofoed, J.-E.1979. Myrundersøkingar i Hordaland i samband med den norske myrreservatplanene, supplerande undersøkingar. Det kgl. norske videnskab. selsk., museet. Univ. i Trondheim.Rapport 1979–5.