• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skålafjøro

VERVEN I SKÅLAFJØRO

I ei sjøbu på kaien i Rosendal ligg eit lite, men innhaldsrikt skipsbyggingsmuseum: trebåtmodellar, teikningar, verktøy og skipsutstyr. Det meste av dette er henta frå Skåluren skipsbyggjeri, som var i vedvarande drift sidan 1855. Samlinga ligg på det gamle verftsområdet der det i dag er aktiv produksjon av moderne snøggbåtar. Desse bygdene har lange tradisjonar i fartøybygging og sjøfart. Jondal, Varaldsøya, Hatlestrand og Ølve var utgangspunkt for Nordlandsfarten og fraktefarten med salta og tørka fisk. Dei fleste jaktene vart bygde i Sunnhordland og i ytre Hardanger. I Rosendal vart det i 1870-åra utvikla ein ny type hurtigseglande jakter. Den mest kjende av desse er Roald Amundsens «Gjøa», som vart bygd i Skålafjøra av Knut J. Skaala.

  • Skipsbygging i Skålafjøro 1903.

Skipsbygging i Skålafjøro 1903. Ein av dei legendariske fartøybyggjarane var Tørris Skåluren og det vart bygt mange skarptseglande jakter i Skålafjøro (foto: Atelier KK, eigar: Billedsamlingen, Universitetsbiblioteket i Bergen (KK 162/17, påskrift "Expedit", 680 T.B.R. 1901)).