• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bronsealderrøysar på Skarvaberget, Sydnes

Bronsealderrøysar på Skarvaberget, Sydnes. (Svein Nord)

KYSTRØYSAR PÅ HALSNØYA

I utmarka på Sydnes, frå Skifteneset lengst sør på øya til Kikavika, ein kilometer nord for ferjekaien, ligg ei rekkje på 15 gravrøysar. Dette er ei av dei største og mest karakteristiske samlingane av kystrøysar som finst i Hordaland. Dei finst så å seia på kvart einaste nes, gjerne på ein liten knaus eller bergknatt ut mot sjøen. Fleire av dei er lett synlege frå sjøsida, slik meininga med dei opphavleg var. Andre er tilgrodde med skog og kratt. Somme av røysane er runde av form, opptil 12-15 m i tverrmål. Andre er langstrekte, nokre få meter breie, men opptil 40 m i lengd. I nokre av røysane er gravkister av stein synlege. I ei skal det vera funne eit sølvkrus, i ei anna eit leirkar, i ei tredje ubrende menneskebein, men ingen av desse funna er komne inn til noko museum.