• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Oppknust berg i Valenforkastinga, sett under mikroskop.

Oppknust berg i Valenforkastinga, sett under mikroskop. Bileteutsnittet er 4 millimeter breitt. (Haakon Fossen)

Forkastingar som strekkjer seg nord-nordvestover, styrer retninga av mange fjordar og sund langs vestlandskysten. Aust for Husnes tek ei av desse forkastingane turen på land. Det går eit markert skilje mellom grunnfjellet sine granittgneisar i aust og glimmerskifer og fyllitt i vest. Skiljet, som blir kalla Valenforkastinga, går frå Valen til Langgota.Forkastinga strekkjer seg vidare i begge retningar, men det er truleg her det har vore størst rørsle. Halsnøysida har ramla ned opptil 500–1000 meter langs denne skiljelina. Vi veit at jordskjelv sjeldan fører til rørsler i berggrunnen på meir enn ein meter eller to. Vi kan derfor gå ut frå at rørsla langs Valenforkastinga er eit resultat av hundrevis av jordskjelv opp gjennom tidene. Ho kan framleis vera aktiv, noko jordskjelvaktiviteten i Sunnhordland vitnar om. Sjølve forkastinga, med knust og oppmale berg, er synleg ved ein bekk langs vegen sør for Langgota, ca. 200 meter nord for første vegkrysset til Husnesvågen, men er vanskeleg å finna.

  • Valenforkastinga

Valenforkastinga – ei viktig geologisk skiljelijne i Sunnhordland. (NGU/Haakon Fossen)

  • Holtedahl, H. 1975. The Geology of the Hardangerfjord, West Norway. Norges Geologiske Undersøkelse 323.