• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hovudsjakta i Valaheigruva.

VALHEIA GRUVER

Det er framleis att mykje malm i dei nedlagde gruvene på Varaldsøy. Held dagens prisar og tilgang på malm seg, er det tvilsamt om gruvene kjem i drift att. Men kisen ligg der, skulle det bli marknad for han. På Varaldsøy finst det minst ni gruver og skjerp, som i hovudsak stammar frå siste delen av 1800-talet.

Optimismen var stor då eit engelsk selskap i 1866 fann svovelkis, først i Valaheia og seinare i førekomsten som fekk nemninga Nygruva.Valaheigruvene hadde ein årsproduksjon på opptil 16 000 tonn svovelkismalm den første tida. Fallande prisar reduserte etter kvart aktiviteten, til det var slutt seint på 1800-talet. Sidan vart det drift att i periodar,med størst aktivitet under første verdskrigen, då 6000 tonn malm vart teke ut.

Førekomsten på Valaheia strekkjer seg djupt ned i undergrunnen frå gruveområdet mot nordvest. Malmen inneheldt vel 40% svovel og 0,4% kopar. Det er også påvist gull i malmen og prøveboringar vart utført av selskapet Norrbotten Xploration i 2010 og 2013. Malmen frå Nygruva har høgare sink- og koparinnhald, elles er dei nokså like. 

Den nye vegen nordover på Varaldsøy gjer det enkelt å ta seg fram til desse gruveområda. Frå sør passerer ein først Nygruva. Her er det restar etter transportsystemet og gruvegangen som malmen vart henta ut gjennom. Lenger mot nord kan du ta til høgre opp den gamle vegen til Valaheia gruver. Malmen finst i store haugar mellom gamle hustufter og køyrevegar. Gruvegangane ligg lenger oppe i dalen. Her kan du sjå ned i over hundre år gamle sjakter, som er rundt 90 meter djupe.

  • Bekken som renn raudbrun langs vegkanten, ber bod om den jernrike malmen.

Bekken som renn raudbrun langs vegkanten, ber bod om den jernrike malmen. (Svein Nord)

  • Svovelkis

Svovelkis

Svovelkis, eller pyritt, finn ein overalt i gruveområdet. Svovelkis er eit massinggult, skinande metallisk mineral som gjerne dannar terningforma krystallar. Det er samansett av jern og svovel og blir nytta til dømes til produksjon av svovelsyre. Til vanleg gir gull og kopar, som følgjer svovelkisen, den største økonomiske vinninga. Mange har forveksla den gylne svovelkisen med gull. (Haakon Fossen)

  • Foslie, S.; Dietrichson, B. 1955. Kisdistriktet Varaldsøy-Ølve i Hardanger og bergverksdriftens historie. Norges Geologiske Undersøkelse 147.
  • Ragnhildstveit, J.; Helliksen, D. 1997. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bergen – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse
  • Sigmond, E. M. O. 1998. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Odda – M 1:250.000. Norges geologiske undersøkelse.