• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ådlandsstova slik ho stod på Nedre Ådland, Stord

Ådlandsstova er ei av dei største eksisterande mellomalderstovene på Vestlandet. Ho er bygd av uvanleg stor malmfuru, vakkert ovaltelgd. Ei segn knytter stova til Gildeskålbakken på Orninggård (Nedre Ådland); at stova skal vera den mellomalderlege gildeskålen. Bygningen er datert attende til 13-1400-talet med C14 måling.

Stova vart overteken av Fortidsminneforeningen i 1873 og er eitt av ei første gardshusa her i landet som vart freda. Ho vart flytta til Sunnhordlandstunet i Leirvik i 1934 og formelt overteken av Sunnhordland Folkemuseum i 1980.

Biskop Neumann nemner stova som ei årestove i 1828 då han var på Stord. Ho er rekonstruert med åre i museet. Merke i veggen kan tyda på at ho ein gong har vore utstyrt med røykomn. Interiøret elles er ført attende til mellomalderen, med moldbenker, langbord, jordgolv og kroting på veggene. Ljorekassen vart truleg skift ved flyttinga til museet. Den nye kassen har fått inskripsjonar og årstal (1804) frå den gamle.

  • Ådlandsstova, interiør

Ådlandsstova, interiør (Helge Sunde).

  • Lexow, J.H. (1969) Ådlandsstova på Stord. I: Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring, Årbok. Oslo, Foreningen, s. 164-167.
  • Skre, I. (1962) Ådlandstova. I: Sunnhordland Årbok. Stord, Sunnhordland museum, s. 78-82.