• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Brandvikneset

BARLINDSKOGEN PÅ BRANDVIKNESET

Nord for Brandvik på Huglo fell fjellet bratt ned mot aust. Nedanfor vegen flatar landskapet ut i eit småkupert terreng mot fjorden. Denne sida av Huglo høyrer til ei sone med skifer og marmor med skred- og forvitringsjord. Bergartane gir vekstgrunn for ein frodig, grovvaksen edellauvskog i veksling med storstamma furuskog. På oppsida av vegen dannar storvaksen barlind ein samanhengande, tett underskog, dels saman med kristtorn, svartor og hassel. Det finst knapt andre stader i Noreg så mykje barlind som på Brandvikneset.

Det mogne barlindfrøet har ei saftig, sukkerrik raud kappe omkring frøet. Frøkappa er det einaste på barlindtreet som ikkje er giftig, og blir eten av fugl, særleg trast. Dermed blir treet spreidd over store avstandar, og kan slå rot på berghyller og andre utilgjengelege stader.

Av barlind blir utvunne stoffet taxol, som blir nytta i behandling av eggstokk- og brystkreft. Det har vore planar om å eksportera barlind frå Hordaland til bruk i lækjemiddelindustrien. Medisinen blir i dag framstilt av barlindbar importert frå Asia.

Mange barlinder, som i Møkjedalen på Varaldsøy, er prega av stagnasjon, og det er nesten berre gamle, store individ som er fleire hundre år. Vi må tru at dei er restar av ei større utbreiing under varmetida for om lag 9000–4500 år sidan. Einskilde stader er tilgangen på frøplanter god, særleg i Sunnhordland og langs nordsida av Hardangerfjorden. På Brandvikneset er det uvanleg mange nye frøplanter. Det gjer denne barlindskogen til ein av dei mest livskraftige her til lands.

Barlindskog. (Svein Nord)

  • Lindmo, S., Salvesen, P. H., Skogen, A. 1991. Verneverdige forekomster av barlind og kristtorn i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. UiB, Botanisk inst. Rapport 50.
  • Lunde, B. N.; Skogen, A. 2001. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland.Vedlegg II: Flerbruksplan for Brandvik landskapsvernområde, Stord kommune. Rapp.til Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavd.