• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Dalskarvatnet

Ved Dalskarvatnet er det gjort ei rekkje funn av fossil frå ordoviciumtida.

450 MILLONAR ÅR GAMLE VESTLENDINGAR

Mange av fossila ein finn på Stord, er i slekt med fossil av same alder funne i Nord-Amerika. Forskarane tek det som eit teikn på at berggrunnen på Stord den gong dyra levde, låg mykje nærare Amerika enn i dag.

Å finna fossil på Vestlandet er sjeldan. Under den kaledonske fjellkjededanninga vart berget kraftig falda og utvalsa, og utsett for høgt trykk og høg temperatur. Slik forsvann dei fleste restar og avtrykk av organisk liv i fjellet. Nokre fossil vart likevel bevarte, mellom anna på Stord.

I 1930-åra oppdaga geologen og seinare professoren Anders Kvale fleire fossil av seinordovicisk til tidleg silurisk alder (430–450 millionar år gamle) ved Dalskarvatnet, om lag 3 kilometer nordaust for Dyvik. Framleis kan ein finna fossil i bekkefaret som renn ut i den aust-nordaustre delen av vatnet og i kalklaga og linsene langs strendene. Fossil frå Dalskarvatnet viser spor etter stilkar av sjøliljer, etter mosedyr, korallar og kalkalgar. Ein har òg funne ulike trilobittar og armfotingar (biletet) ved vatnet. Ikkje alle er like heile og tydelege. Mange fossil er flatpressa og falda frå tida då den kaledonske fjellkjeda vart danna.

Men også andre stader i kommunen har ein funne fossil. Før ein byrja å sprengja bort berg for å byggja naust og kai, var Limbuvikjo (av lim, som tyder kalk) ved Dyvikvågen den beste staden for å finna fossil i Hordaland. Den fossilførande lagrekkja ved Limbuvikjo høyrer til den same sona og er av same alder som ved Dalskarvatnet.

  • Ved Dalskarvatnet er det gjort ei rekkje funn av fossil

Fossil

Eit fossil er skjel, skjelettrestar eller avtrykk av dyr og planter bevarte i kalkstein, skifer eller sandstein. Desse bergartane er forsteina kalkslam-, leire- eller sandavsetjingar. Vart dei avsette i område der dyr og planter levde, inneheld dei ofte fossil. Kvar geologisk tidsperiode har sine karakteristiske fossil, som derfor kan brukast til å seia noko om alderen til fossilførande bergartar. (Jan Rabben)

  • Geologien langs austsida av Dyvikvågen

Geologien langs austsida av Dyvikvågen, kartlagd av Hans Reusch i 1880-åra. Fossila finst i kalksonene avmerkte på kartet.

  • Færseth, R. B., Ryan, P.D. 1975. The geology of the Dyvikvågen Group, Stord,western Norway and its bearing on the lithostratigraphic correlation of polymict conglomerates. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 319:37–45.