• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Raudsildre

RAUDSILDRE –EI TYPISK FJELLPLANTE – VED SJØEN

Som dei fleste andre sildrene er raudsildre ei typisk fjellplante, oftast på kalkhaldig berggrunn i høgfjellet. I Stord veks raudsildre òg nokre stader i fjellet, men er best kjend frå strandberga på Hovaneset nord for Leirvik og i Krossvikane nordvest på Huglo.Vi kan rekna desse stadene som vestlege utpostar for planta. Når raudsildre og andre fjellplanter, til dømes gulsildre, rosenrot og bergfrue, trivst på strandberg, kan det forklarast med gode lysforhold, liten konkurranse og mykje fukt i den relativt kjølige lufta. På fleire måtar liknar dette forholda i høgfjellet. Raudsildre blømer svært tidleg, alt i mars når sola tek til å varma opp bakken.