• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stordfjella mot sør

Stordfjella mot sør med Stovegolvet i bakgrunnen. (Svein Nord)

FJELLVIDDE PÅ VULKANSK GRUNN

Det høgaste fjellområdet på Stord, med Kattnakken, Midtfjellet og Stovegolvet, har meir felles med fjellterrenget på fastlandet enn det låge kystlandskapet i Sunnhordland. Den vulkanske berggrunnen saman med dei nedbrytande kreftene har skapt det særeigne viddelandskapet.

Sett på avstand utgjer fjella på Stord eit stort platå. Dette jamne fjellområdet er restar av den flata som strekte seg heilt frå Hardangervidda og ut mot kysten, før landet for få millionar år sidan vart heva opp og skore sundt, først av elvar og sidanav brear.

Platået står att fordi den harde vulkanske bergarten er vanskeleg å tæra ned. Desse vulkanske laga er i slekt med liknande lag i Siggjo-området på Bømlo og varierer frå basaltar til sur ryolittlava. I nokre av dei sure vulkanske bergartane kan ein sjå merke etter lavastraumen. Andre bergartar er danna ved oskeregn. Under somme utbrotvar oska så varm at ho vart sveisa saman tilhardt berg. Desse utbrota har truleg liknadet vidgjetne utbrotet til Vesuv, som dektebyen Pompeii i året 79.

Det er ikkje så flatt på toppen av platået som ein skulle tru på avstand. Små dalsøkk, forvitra ut langs to markerte sprekksoner, har delt platået opp i haugar og hamrar. Ikkje utan grunn heiter eit mindre fjellområde Skorafjellet. Stovegolvet er namnet på eit flatt, lite område heilt sør på platået. På Kattnakken er flata broten opp av to smale, markerte kløfter med vegger så rette som skulle dei vore skorne ut med kniv. I triastida trengde basaltisk bergartsmelte opp og størkna til diabas langs svære sprekksoner. Kløftene som følgjer sonene, viser at diabasgangane forvitrar raskare enn dei eldre, surare vulkanittane omkring. Endå mindre motstandskraft mot naturkreftene har fyllitten sør for fjellplatået hatt. Brattkanten frå Jektevik og Uføro over vestsida av Kattnakken og vidare forbi Stovegolvet markerer overgangen frå hardt vulkansk berg i fjellområda til mjuke fyllittiske bergartar i låglandet.

  • Strukturen i ryolittlavaen langs Kattnakkens brattskrent

Strukturen i ryolittlavaen langs Kattnakkens brattskrent vart til då lavaen strøymde ut frå ein forhistorisk vulkan. Langs vegskjeringa ovanfor vegbommen er ryolittsteinen mørk og hard som flint. Den lyse fargen på biletet skriv seg frå mange tusen år med forvitring av feltspaten i lavaen. (Haakon Fossen)

  • Stovegolvet, her sett frå nord, søkket med gangen litt til høgre for midten av biletet.

Stovegolvet er meisla ut i vulkansk fjell. For 220 millionar år sidan trengde glødande magma opp langs ein sprekk i fjellet. Magmaet størkna til ein diabasgang som no dannar eit markert søkk. Her sett frå nord, søkket med gangen litt til høgre for midten av biletet. (Haakon Fossen)

  • Lippard, S. J.; Mitchell, J. G. Late Caledonian dolerites from the Katnakken area, Stord,SW Norway, their age and tectonic significance. 1980. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 358:47–62.