• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det gamle fengselet i Leirvik, Stord

Fengselsbygningen i Leirvik var i bruk fram til 1960-åra (Jan Rabben).

FENGSELET I LEIRVIK

I 1863 vart distriktsfengselet i Leirvik offisielt teke i bruk. Saman med dei tilsvarande institusjonane på Voss og i Bergen var dette Søndre Bergenhus sin del av den store norske fengselsfornyinga etter fengselslova frå 1857.

Franz Wilhelm Schiertz var arkitekt for fengsla i Hordaland. På Leirvik kom nybygget i staden for den gamle futearresten på Halsnøy kloster frå 1700-talet.

Sjølve fengselet, ein tohøgda bygning i pussa tegl, ligg parallelt med rettsbygningen som har to høgder, bygde i tre. Ein korridor bind bygningane saman. Arkitektonisk er dei ein heilskap med ein viss borgliknande profil. Dette har gjort fengselet til ein karakteristisk del av sentrumsbiletet. Luftegarden med høge trepalisadar mellom bygningane og på nedsida av fengselet, er no borte. Borte er òg sauefjøs og låve. «Ufarlege» fangar hjelpte til med jordbruket.

Utanom kyrkja var fengselet det første offentlege bygget i Stord. Dei første lensmennene var òg vaktmeistrar i fengselet, og rettslokalet var i mange år det største forsamlingslokalet i kommunen. Det vart nytta til alle større samlingar, frå konsertar til heradsstyremøte.

I samband med nybygging overtok Stord postdistrikt fengselet og rettsbygningen. Bygningane vart monaleg opprusta, og rettsbygningen vart nytta til møtelokale og kantine. Sjølve fengselsbygget med dei ti cellene vart kunstgalleri, drive av eit eige venelag. I 1997 kjøpte arkitektkontoret Holmedal og Husum komplekset. I dag er det restaurantlokale, som i tillegg til god mat også serverer spennande fengsels- og arkitekturhistorie.

  • Moe, T.L. (1986) Fengsel i Sunnhordland. Husbukken, 1986(2), s. 4-9.