• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Modell av gruveområdet på Litlabø, Stord

Modell av gruveområdet på Litlabø (Egil Korsnes, eigar Sunnhordland Museum)

GRUVESAMFUNNET

Dei første kisfunna på Litlabø på Stord kom for dagen i 1864. Førti år framover vart svovelkisen driven fram i dagbrot. Frå 1874 til 188O vart han nytta til dynamittproduksjon på staden. Det fekk ein brå slutt då fabrikken eksploderte og 3 personar omkom.

I 1907 vart Stordø Kisgruber A/S skipa, først med belgisk, seinare tysk kapital, og eit moderne gruveanlegg vart bygt opp. Det kom heisanlegg og vaskeri der ein skilde kisen frå gråberget, og det vart lagt eigen smalspora jernbane ut til ei moderne utskipingshamn på Grunnevågsneset. Bustader for arbeidarane vart bygde inne på verksområdet og dels i eigne grender i Gjerde, Rødkleiv og «Moskvadalen». Dei første åra gjekk drifta med damp frå eigen sentral. I 1922 kom eigen kraftstasjon på Børtveit.

Litlabø-gruvene var ei sjølvforsynt verksemd på mest alle område, også for arbeidarane. Stordø Kisgruber sytte for skule, handel, husvære, vegar, elektrisitet, renovasjon og kino. Då arbeidarane organiserte seg, laut dei derimot utanom verksområdet. Folkets Hus vart bygt på Dale. Arbeidarkulturen som grodde fram, stod i sterk kontrast til bygda elles. 1. mai-feiringa i Sunnhordland vart først teken opp på Litlabø.

Under siste verdskrigen gjorde kommandogrupper frå Shetland eit «raid» mot gruvene for å stogga produksjonen. Den norske staten overtok gruvene som krigsskadeerstatning i 1945. Drifta gjekk godt utover i 1950-åra, men Litlabø-gruvene makta ikkje å ta kampen opp mot utanlandsk konkurranse i tiåret etter. I 1968-69 vart drifta avvikla. Eigedomane vart kjøpte av Stord kommune i 1972. I dag er bustadene selde til arbeidarane, og mange av driftsbygningane er rivne. Heistårnet står att, og under det går gruvesjakta 700 meter ned. Gangane går kilometervis innover. Den særmerkte kontorbygningen og nokre av dei andre driftsbygningane står òg framleis.

I den gamle gruvesmia har Sunnhordland Museum bygt opp eit lite museum. Det er faste utstillingar med reiskap og foto frå området. Ein stor modell av anlegget syner korleis det var då drifta var på det største i slutten av 1940-åra. Eit fyldig teikningsarkiv og ei geologisk samling finn du òg i gruvemuseet.

  • Godtfred Valvatne, ein tidlegare gruvearbeidar på Litlabø

Godtfred Valvatne, ein tidlegare gruvearbeidar på Litlabø. Bilete frå 1990-talet (Roar Christiansen)

  • Bjørnson, Ø. (1991) Gruva: Litlabøsamfunnet gjennom 100 år. Stord, Stord kommune.
  • Haga, A. (1983) Landgang ved midnatt. Bergen, Eide.
  • Lavik, H. (1957) Stordø kisgruber: en bedrifts historie 1907-1957. Litlabø, Stordø kisgruber.