• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Bautastein frå folkevandringstida

Bautasteinen frå Nordhuglo har runeinnskrift frå folkevandringstida, truleg noko før år 500 e.Kr. Her står innhogge – i frumnordisk språk –: «ek gudija ungandiR». Runegranskarar meiner det skal tyda: «Eg, gôden (presten, seremonimeisteren) som ikkje kan råkast av gand (trolldom)». Toppen av steinen er avhoggen, så innskrifta har vore lengre. Steinen låg fram til 1905 i ei bryggje ved Huglavikjo, og ingen veit lenger kvar han opphavleg stod. Han er no i Universitetsmuseet i Bergen.

  • Olsen, M. (1911) En indskrift med ældre runer fra Huglen i Søndhordland. I: Bergens Museums aarbog, 11