• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sævarhagsvikjo heng naturleg saman med svartorskogen i Hystadmarkjo.

Sævarhagsvikjo heng naturleg saman med svartorskogen i Hystadmarkjo. Småbåthamna som no skil desse områda, var eit kontroversielt naturinngrep då ho vart bygd i 1980-åra. (Helge Sunde)

DET ER SERVERT - PÅ FJØRE SJØ

Storparten av strandlinja mot sjøen i Sunnhordland er steinete og bratt. Derfor blir dei få strandfjørene som finst, særs viktige for vadefuglar når dei treng mat og kvile under hausttrekket. Sævarhagsvikjo er den største strandfjøra i Sunnhordland.

Svoltne vadefuglar kjem ikkje for seint til måltida, som i regelen blir serverte ved lågvatn. Då ligg delar av sjøbotnen tilgjengeleg med fjøremakk, børstemakkar og muslingar, som lever i sedimenta. Dei fleste har grave seg ned i den blaute sjøbotnen, men lèt seg likevel finna. Mange vadefuglar søkjer næring etter «symaskinprinsippet», dei borar ustanseleg nebbet ned i botnen.Dei følsame nebba fortel om dei har støytt borti noko velsmakande, og då handlar dei snøgt.

Fiskemåsen kan stundom nytta ein annan teknikk.Ved å trampa med dei flate føtene sine i den blaute botnen pressar dei saman gangane som smådyra har grave, så mykje at dyra kjem opp mot overflata. Då er dei eit lett bytte for ein slukhals.Tarevollar som har bygd seg opp i strandsona, er òg svært forlokkande. Inne i ein tarevoll kan temperaturen bli høg, og det er ein veleigna klekkjestad for egga til tareflugene. Slike flugelarvar er snadder for småvadarar, piplerker og stareflokkar.

Fuglar som søkjer næring i strandsona, har alltid hastverk, for snart er det høgvatn att. Då må dei ta ei kvileøkt eller trekkja vidare. Flest vadefuglar er det å sjå i Sævarhagsvikjo om hausten. Om våren har mange av desse fuglane ei anna trekkrute, og er ikkje like avhengige av å stoppa her. Andre vanlege artar er siland og gråhegre, som begge livnærer seg av småfisk. Vinterstid er òg storskarv og ærfugl hyppige gjester.

  • Lappspove

Lappspove – ein av artane som rastar i Sævarhagsvikjo i trekktidene. (Ingvar Grastveit)

  • Heggland, T. H. 1995. Vadefuglane i Sævarhagvikjo 1989–1994. NOF – Sunnhordland lokallag, rapport.
  • Munkejord, Aa. 1977. Meddelelse fra en jakt etter Hordalands gode våtmarkslokaliteter. Krompen 6 (3):34–37.