• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sagvåg (Jensaneset) tidleg på 1900-talet

Sagvåg (Jensaneset) tidleg på 1900-talet, med oppgangssaga og skipsverven til høgre i biletet (Sev. Kannelønning, SK 2546, SF)

Oppgangssaga, som stod på garden Valvatnas eigedom, har gjeve namn til Sagvåg. Sagbruket er truleg bygd rundt midten av 1500-talet. Staden heitte på den tida Fuglesalt, men snart er det berre tale om Saugvog.

Også på Nysætersida av elva kom det seinare sag. Det var lågadelsfolk og deira etterkomarar som åtte sagrettane. Som elles i Sunnhordland var det på 16- og 1700-talet stor trafikk av skottar og andre som kjøpte trelast i Sagvågen. I dag er det Valvatnes trelasthandel som fører tradisjonane vidare i moderne former, men framleis finst det ei gammal oppgangssag her. Sameleis står det att ein møllebygning.

Frå 1865 til 1968 var Sagvåg eksporthamn for svovelkis frå gruvene på Øvre Litlabø. Kisen vart frakta med båtar gjennom Storavatnet for lagring ved kaien inst i vågen. Då A/S Stordø Kisgruber (skipa 1907) kom i gang med stordrift, vart det bygd jernbane til nytt kaianlegg på Grunnavågsneset ved innseglinga.

På Jensaneset («et nes ved Saugvogen, hvor Jens Hanssøn hafuer sig tilbygslet et støcke», 1644) kom Otte Ottesen i gang med skipsverv i 1825. Det var starten til Ottesen Skipsbyggeri A/S, som frå hundreårsskiftet til 1960-talet bygde 214 nye trebåtar, m.a. redningsskøyta «Olav Østensjø jr.». Verksemda vart nedlagd kring 1980, men det har vore lagt ned mykje arbeid for å sikra anlegget og området som kulturminnemiljø.

  • Nedreaas, T. (1986) Stord - Norge i et muslingskall: Stordøy. Norge. Bd I, s. 363-381.